Hopp til innhold

Pangstart for June

June Andenæs har fått ein svært god start i eliteserien i handball for sin nye klubb, Levanger.

Etter to serierunder er glopparen toppskårar i klubben, og leiar Torbjørn Nordvoll går langt i å omtale 25-åringen som eitt av dei beste spelarkjøpa på lang tid.

- Frykteleg begeistra

- Ja det har vore ein innertiar både sportsleg og menneskeleg, ho er ein fantastisk person som har blitt integrert fort i klubben, og ho har utvikla seg veldig gjennom dei treningane ho har hatt med oss. Ho har blomstra i kamp, både i forsvar og angrep, så vi er frykteleg begeistra over at ho vart vår spelar.

June Andenæs
Foto: Privat

Fort til rette

June Andenæs kom til Levanger i august etter seks år i Bergen med eliteserie- og 1. divisjonspel for Bjørnar. 25-åringen fann seg seg fort til rette i den raude Levanger-trøya.

- Eg vart veldig godt motteken, eg trur nesten ikkje har trivest så godt i nokon klubb før. Eg har ikkje noko ilt å seie om nokon, og eg kjenner meg veldig velkomen.

Stor tillit i laget

Og velkomen er det ingen tvil om at den tidlegare gloppenspelaren er. Så langt er det heller ikkje tvil om at ho har stor tillit i laget.

- Først og fremst er ho blitt vår førstestrekspelar, ho spelar alltid frå start, og med vår ambisjon om å vere på topp tre i Norge så er ho med i våre planar, vi ser ikkje etter andre strekspelarar, seier Torbjørn Nordvoll.

- Må vere skjerpa

Men sjølv om Levanger ikkje ser etter andre strekspelarar må June Andenæs likevel vere skjerpa både på trening og kamp for å halde plassen i startoppstillinga.

- Eg har fått starta i dei kampane som har vore, men eg har ein ung sterkspelar som er veldig god og som pustar meg i ryggen. Det er bra med konkuranse, for då skjerpar ein seg. Men tillit er bra.

Broten finger

Levanger har eitt tap og ein siger i serieopninga. Onsdag er det bortekamp mot Bækkelaget, og June Andenæs ventar eit tøft oppgjer, ikkje minst fordi ho spelar med ein broten finger.

Men med skinne på fingeren er ho likevel klar til kamp og håpar å gjenskape flyten frå oppgjeret mot Toten som Levanger vann 26-19.

- Klarar vi det, og vi greier å plukke vekk ein del tekniske feil trur eg det kan bli ein bra kveld.