Hopp til innhold

Paneldebattar i nett-TV

Skal sjukelønsordning vere uendra? Bør det vere offentlege eller private teneseter i kommunane? Kva kan stogge fråflyttinga frå distrikta?

Paneldebatt i Førdehuset

Frå debatten i Førdehuset

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Dette var mellom spørsmåla politikarane måtte svare på då NRK Sogn og Fjordane sendte direkte frå paneldebatt i Førdehuset.

Mellom deltakarane var samferdsleminister Liv Signe Navarsete og Jan Davidsen i Fagforbundet. Ordstyrar var Eldgrim Fossheim.

Sjå opptaka frå debatten her:

Debatt i Sogndal

Blir det fleire studieplassar i fylket? Korleis kan grunnskulen bli betre? Bør SFO vere obligatorisk?

Dette var mellom spørsmåla som toppkandidatane måtte svare på under ein paneldebatt der skule- og utdanningspolitikk var hovudtema.

NRK Sogn og Fjordane var til stades og sende heile debatten frå studenthuset Meieriet i Sogndal. Du kan no sjå han i opptak:

Paneldebatt i Sogndal om utdanning og skule

Dei som stilte i panelet var :

  • Bjørn Lødemel, Høgre
  • Frank Willy Djuvik, Framstegspartiet
  • Bjørg Mikalsen, Venstre
  • Trude Brosvik, Kristeleg Folkeparti
  • Tor Bremer, Arbeidarpartiet
  • Heidi Grande Røys, Sosialistisk Venstreparti
  • Erling Sande, Senterpartiet

Direkte frå Operahuset

Fredag 11. september avslutta NRK Sogn og Fjordane med ein direktesend debatt mellom toppkanidatane i Operahuset på Nordfjordeid. Sjå debatten her: Paneldebatt Velg09 Nordfjordeid 11. september.