Hopp til innhold

Paneldebatt om kommunereform - send inn dine spørsmål

Har du spørsmål til politikarane om kommunereforma? Slå på radioen og ta fram telefonen. I ettermiddagssendinga vår som går på P1 akkurat no kan du stille spørsmåla og seie di meining til ordførarpanelet. Ring 57 72 42 42.

Olve Grotle, Oddmund Klakegg og Ola Teigen møter til debatt. Jan Tore Sanner skal også svare på dine

PANEL: Olve Grotle, Oddmund Klakegg og Ola Teigen møter til debatt i ettermiddagssendinga fredag 1. april. Statsråd Jan Tore Sanner skal også svare på dine spørsmål.

Foto: NRK

I panelet sit ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg frå Senterpartiet, ordførar i Førde, Olve Grotle frå Høgre og Flora-ordførar Ola Teigen frå Arbeidarpartiet.

– Dei skal diskutere og svare på spørsmål om kommunereforma i Sunnfjord, med røystinga måndag som bakteppe, seier Stein Aase, som skal vere programleiar for sendinga.

Stein Aase

DEBATT: Stein Aase inviterer til paneldebatt fredag 1. april, og vil stille dine spørsmål til paneldeltakarane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Debatten går i NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending, frå 14.30 til 16.00. I tillegg til panelet skal også kommunalminister Jan Tore Sanner frå Høgre svare på spørsmål som NRK Sogn og Fjordane har teke imot frå lesarar og lyttarar.

– Dette er ei sak som engasjerer folk. Samstundes er det truleg mange som har ting dei lurer på når det gjeld avrøystingar, ulike samarbeidsalternativ og liknande. Vi håpar at folk sende inn sine spørsmål til både statsråden og panelet, så skal vi prøve å gje svar på det folk lurer på i løpet av sendinga, seier Aase.

Spørsmål kan sendast til: sf@nrk.no eller send ein SMS til 1987 med kodeord SF. Spørsmål til Jan Tore Sanner må sendast inn før klokka 12. fredag 1. april.