Hopp til innhold

Pålegg om riving

Selje kommune har sendt eit brev til eigarane av Selje Hotell der dei ber om at heile bygget vert rive innan 1. mai, skriv Fjordenes Tidende. Brevet vart sendt ut frå Selje kommune i byrjinga av mars. Det betyr at eigarane no har kring to månader på seg til å rive restane av det tradisjonsrike hotellet.