Hopp til innhold

To menn pågripne i væpna politiaksjon

To menn i 20-åra er pågripne i ein væpna politiaksjon i Måløy.

Væpna politiaksjon i Måløy

PÅGRIPNE: Den eine pågripne mannen blir til høgre på biletet halden i sjakk av polititenestemenn.

Foto: NRK.no-tipsar

Politiet rykte ut etter melding om at den eine hadde ein gjenstand som likna ein pistol. Meldinga kom tidlegare i ettermiddag.

Mennene vart pågripne på gata utanfor Best Western-hotellet. Pågripinga klokka 1940 føregjek utan dramatikk.

– Dei to er rusa og blir sittande i arresten til i morgon. Begge er kjende for oss frå før. Dei er heimehøyrande i Nordfjord, seier operasjonsleiar Inge Værøy hos Sogn og Fjordane politidistrikt.

Polititenestemennene væpna seg før dei aksjonerte.

– Det var på bakgrunn av meldinga om at den eine hadde hatt ein våpenliknande gjenstand. På det tidspunktet var det uklart om gjenstanden var ekte eller ikkje, seier Værøy.

– Har de funne noko våpen?

– Det er funne ei etterlikning av ein pistol.

Det er førebels uvisst om nokon har blitt trua av mennene.

– Omstenda kring situasjonen, og om det har vore noko konkret trussel, har vi ikkje kome til, seier Værøy.