Politiet har brukt helikopter i leitinga etter at forbrytarane stakk til skogs etter å ha blitt stogga av politiet i Skjåk onsdag morgon. Tre litauarar er no pågripne.
Sit i avhøyr
Dei pågripne er frakta til Stryn der dei sit i avhøyr. Det er kverrsett ein del tjuvgods som no blir talt opp og registrert.
Innbrot i Stryn
Litauarane kom frå Stryn, der dei skal ha gjort innbrot i ein fotoforretning i Stryn og stole kamera og mobiltelefonar.
Køyrde over spikarmatte
Tjuvane hadde stole ein Audi 80 frå Nordfjordeid i natt. Dei vart stogga på austsida av Strynefjellet litt før klokka 7.30. Bilen køyrde over ei spikermatte politiet hadde lagt ut i Skjåk, og to personar stakk deretter av, medan politiet pågreip ein person.
Stal ny bil
Kort tid etter vart ein bil stolen i Nordberg i Skjåk, men onsdag føremiddag fekk politiet tak i rømlingane.