NRK Meny
Normal

Mann arrestert - politiet frykta fjerning av bevis

Ein mann i 30-åra er for andre dag på rad sett i arresten.

Gjensidigebygget på Sandane

VILLE SPRENGE BYGGET: Mannen i 30-åra truga med å sprenge GLoppen lensmannskontor, som held til i dette bygget, i lufta.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det er same person som er pågripen, seier Einar Vereide ved Politiets operasjonssentral, men politiet har så langt ikkje fleire opplysingar i saka.

Seint fredag kveld truga mannen med å sprenge Gloppen lensmannskontor i lufta.

Og i natt vart han på ny pågripen. Pågripinga skjedde på Sandane i 01-tida, og han vart køyrt til arresten i Florø.

Mannen vart tidlegare laurdag sett fri mot meldeplikt, men etter at det kom fram nye opplysingar som gjorde at politiet frykta mannen ville unndra bevis, vart det bestemt å pågripe han på nytt og sette han i arresten. Mannen vil bli avhøyrt i løpet av dagen.