Pågripen etter tjuveri
Politiet har pågripe ein person som er mistenkt for å stå bak tre biltjuveri i Florø, skriv Firdaposten. I helga oppmoda politiet folk om å låse bilane og ikkje gå frå bilen på tomgang eller med nøklane i. No ser det ut til at biltjuven er teken.