NRK Meny
Normal

Påførte bursdagsgjest fire brot i foten

Det som skulle vere ei feiring av tiltalte sin fødselsdag, enda i full krangel. Bursdagsbarnet med svart belte i karate, banka opp gjesten og vrei venstrefoten så både legg og ankel brotna.

Ei i utgangspunktet gemyttleg bursdagsfeiring i ei bygd i Nordfjord, vart avslutta på sjukehus for ein mann i 40-åra.

Han var på overnattingsbesøk hos ein kjenning, og skulle saman med fleire andre gjester hadde dei fest for å feire kameraten sin bursdag. Ut på kvelden drakk dei både øl og brennevin, men då dyrehald kom opp som tema, vart stemninga amper, ifølgje dommen frå Fjordane tingrett.

«Skulle brekke foten»

Bursdagsbarnet skal ha blitt meir og meir opptrekt. Etter kvart utvikla situasjonen seg slik at tiltalte fekk det fornærma kallar «svartsinne». Tiltalte, som er i byrjinga av 50-åra, skal ha ropt til gjesten at han skulle komme seg ut av leilegheita, før han slengde fornærma i kjøkkengolvet.

Fornærma vart liggande på magen og freista å verne hovudet mot slag. Tiltalte, som har svart grein i karate, skal deretter ha sett seg oppå han, tatt tak i fornærma sin venstre fot, og sagt at han skulle «brekke foten hans».

Tiltalte skal deretter ha vridd fornærma sin fot med stor kraft. Resultatet vart tre brot i venstre ankel og eitt brot i leggen. Eit skadebilete retten finn at samsvarar med fornærma si forklaring.

Hevda fornærma angreip først

Tiltalte erkjente seg derimot ikkje skuldig under hovudforhandlinga i Fjordane tingrett sin rettssal på Nordfjordeid.

Ifølgje mannen si forklaring var det fornærma som starta det heile. Tiltalte skal ifølgje eigne utsegn plutseleg ha blitt angripen.

Dette er ei forklaring tingretten ikkje festar lit til. Retten finn det også bevist at tiltalte om lag ei veke seinare, skal ha uttalt til eit vitne at han braut fornærma sin fot ved vri beinet hans rundt.

Fengsel og erstatning

Retten gir aktor medhald i påstanden om fem månader fengsel, derav 30 blir gitt på vilkår med ei prøvetid på to år.

I skjerpande retning blir det lagt vekt på at tiltalte målretta vrei fornærma sin fot med stor kraft, slik at fornærma vart påført fleire kompliserte brot. I formildande retning kan ikkje retten sjå bort frå at det var ein tilspissa situasjon mellom dei mennene i forkant av angrepet.

Den tidlegare straffedømde nordfjordingen må i tillegg til fengselsstraffa betale 50.000 kroner i oppreisingserstatning og 2185 kroner i erstatning til fornærma.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.