Det er sendt inn prøver frå trea i Gulen, og han ber no folk i Sogn og Fjordane vere på vakt mot plantesjukdomen.
I Hordaland har plantesjukdomen vorte ein epidemi som ein ikkje har klart å stoppe frå å spreie seg. Den store frykta er at sjukdomen skal kome til fruktdyrkarområde slik at fruktre dør.
Forbod mot flytting av bikuber
Og no vert trea som ein fryktar er smitta, hogd. Sidan ein fryktar at smitten kan kome med insekt, er det sett forbod mot å flytte bikuber frå områder der det er funne pærebrann. I går vart eit slikt forbod innført i Gulen.
Pærebrannen har spreidd seg oppover langs norskekysten og no fryktar ein altså at turen er komen til Sogn og Fjordane.
- Det er no verdt å sette inn alle krefter, for dette er ein sjukdom vi må verre på vakt mot, seier Tøsdal.