Hopp til innhold

På utlånstoppen for e-bøker

Forfattar Rune Timberlid er på topp tre, berre slått av Jørn Lier Horst og Jo Nesbø, når det gjeld utlån av e-bøker i Sogn og Fjordane.

Rune Timberlid

ELEKTRONISKE BØKER: Forfattar Rune Timberlid er populær blant dei som les bøker elektronisk.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det synest eg er kjempekjekt. Når du skriv bøker så er det for at du ynskjer at folk skal lese dei. Helst vil ein jo at folk kjøper bøkene, men og viktig at folk også låner bøkene, seier Rune Timberlid.

Knallstart

10. april i fjor vart det mogleg også for folk i Sogn og Fjordane å låne elektroniske bøker. Sidan den gong har det vore lånt 18 436 bøker. Så langt i år er det lånt 9476 e-bøker, noko som er meir enn i heile 2014.

Siri Ingvaldsen

MANGE LÅNER E-BØKER: Fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi tykkjer det er bra. Dette er tydleg eit tilbod som har vore stor interesse for i kommunane. Det tar jo alltid litt tid å introdusere eit nytt tilbod, seier fylkesbiblioteksjef Siri Ingvaldsen.

Så langt i år er det lånt 9476 e-bøker, noko som er meir enn i heile 2014.

– Det har synt seg at dette er noko som folk brukar, og det har auka jamt og trutt.

Både underhaldning og faglitteratur

Så langt har biblioteka 1668 titlar, i databasen som kan lånast, og det er ikkje berre lettbeint underhaldning som er populært. Folk er blitt meir digitale og vande med å biblioteket med seg i lomma eller veska.

– Og det er eit svært god tilbod når det gjeld faglitteratur når den etter kvart blir meit tilgjengeleg. Du kan gjere det så stor å lite som du vil, og det er lett å oppdatere for dei som skal publisere, seier Ingvaldsen.

Flest kvinner

Når det gjeld den typiske lånekunden på nett, skil den seg ikkje frå dei som nyttar det tradisjonelle biblioteket.

– Så langt er det kvinner i alderen 30 til 60 år som er dei ivrigaste lånekundane også av e-bøker, seier Ingvaldsen.

E-boka er framtida

I skrivestova i Førde trur Timberlid at e-bøker er framtida.

Rune Timberlid

TRUR PÅ E-BOKA: Forfattar Rune Timberlid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ser jo at ungdomane søker stadig oftare til elektroniske kanalar. Sjølv om e-bøker og papirbøker kjem til å eksistere side om side enno ei stund så trur eg at e-boka er noko vi berre har sett starten av, seier Timberlid.

Sjølv om fire av bøkene til Timberlid til no også har kome ut som elektroniske bøker, er ikkje dette noko Timberlid sjølv har hat eit medvite forhold til.

–Eg har nok ikkje vore så medviten til elektroniske bøker diverre. Eg er nok litt gammaldags og har tenkt at bøker er noko du skal kunne halde i handa og bla i. Men no ser eg at e-bøker kjem meir og meir, og det gir etter kvart også litt pengar i kassen.