NRK Meny
Normal

På tiggerunde i Sogn og Fjordane

Vi ringer mest og gir minst til Kirkens SOS sin krisetelefon.

Krisetelefon
Foto: Linda Haugvaldstad / Scanpix

- Ingen fylke i landet brukar Kirkens Sos så mykje som Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar Greta Gramstad i Kirkens SOS i Bjørgvin.

Kirkens SOS oppretta kontor i Førde i februar på grunn av den enorme pågangen frå fylket. I fjor kom det 11 635 telefonsamtalar berre frå Sogn og Fjordane. Telefonane kom frå folk som trengde hjelp og støtte, mange av dei på randa til sjølvmord.

Nesten ingen gir

Men no er dei ute på tiggarferd i fylket. Årsaka er enkel: På Vestlandet er det berre Førde, Bergen og nokre få kommunar til som er med og bidreg økonomisk til Kirkens SOS.

- Så å seie alle dei andre kommunane seier nei fordi dette ikkje er eit lokalt tiltak. Det er krevjande sidan det ringer folk frå alle kommunane, seier Gramstad.

Manglar 250.000 kroner

Tiggarbrevet går no ut til alle kommunane i fylket. Kirkens SOS treng 250.000 kroner.

- Hjå oss er det slik at det er litt spennande kvart år om vi får nok midlar, og også i år er det slik. Vi manglar om lag 250.000 kroner, seier Greta Gramstad i Kirkens SOS i Bjørgvin.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.