Hopp til innhold

Er du ein av dei som bør sjekke føflekkane?

Norge ligg i verdstoppen i førekomst av føflekkreft. Spesielt to grupper bør sjekke føflekkane sine. Det kan vere livreddande.

Føflekk

SJÅ PÅ FARGE OG FORM: Er du usikker på om ein føflekk er av den farlege sorten, så bør du sjå etter forandring i farge og form.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– For menn over 50 år er det fleire tilfelle av føflekkreft. Det er den gruppa som kjem seg sist til legen og som oftast døyr, seier hudlege Øystein Vatne.

Oppdagar du føflekkreft tidleg, kan det redde livet ditt. Under Hudsjekkdagen 23. mai vil den erfarne hudlegen helst sjå to grupper. Det er menn over 50 år og folk over 25 år med visse risikofaktorar.

– Eg vil ha fatt i dei over 25 år med mange føflekkar eller mange solforbrenningar, som ofte reiser til sydligare strøk eller ligg i solarium, seier han.

Dette bør du sjå etter

Føflekkreft kan komme i ein ny føflekk eller i ein du har frå før. Er du usikker på ein føflekk, så er det visse ting du bør sjå etter.

– Fargeforandringar, endring i form eller kløe er viktige faktorar. Vi har den stygge andungen i eventyret, så om ein føflekk skil seg veldig frå andre skal ein vere på vakt, seier Vatne.

Sommaren står for dør og soltørste nordmenn brukar fine dagar til å nyte varme solstrålar, men pass på.

– Ein bør ikkje bli solbrent. Spesielt gjeld dette born.

Hudlege

FAKTOR 20 FOR NORMAL HUD: Hudlege Øystein Vatne seier at solkrem med faktor 20 er passande for normal hud i ute i sola.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Faktor 20 held for folk flest

I det store utvalet av solkremar er det ikkje lett å velje faktor.

– Vi har ein tendens til å bruke veldig høg faktor. Har du normal hud, så er ein solkrem med faktor 20 bra, seier Vatne.

Hudlegen meiner dei aller fleste av oss er forsiktige, men at ein ikkje skal ta heilt av heller.

– Ein bør ikkje sette seg ned i potetkjellaren berre sola kjem. Du kan nyte sola med høg faktor, men følg med på føflekkane.

Har du ein mistenkjeleg føflekk?

Den 23. mai er det årets Euromelanoma og du kan melde deg på her. Hudlegar over heile landet undersøkjer føflekkar utan rekvisisjon frå fastlege. Desse stadane tar i mot pasientar:

  • Ålesund
  • Arendal
  • Asker
  • Bergen
  • Førde – Fullt
  • Harstad
  • Haugesund
  • Hønefoss
  • Kristiansund
  • Larvik
  • Levanger – Fullt
  • Mo i Rana
  • Moss
  • Oslo
  • Rådal
  • Stavanger
  • Trollåsen
  • Tromsø
  • Trondheim – Fullt
  • Voss