Hopp til innhold

På søndag kan ho føra Kaupanger opp i toppfotballen

KAUPANGER (NRK): – Eg forventar trommer, litt lys, flagg og 700 tilskodarar, seier Kaupanger-kaptein Tea Berteig om opprykkskampen på søndag.

Utgangspunktet er enkelt før kampen mot Tromsdalen på søndag: Vinn dei, så rykker dei opp. Blir det uavgjort eller tap, så må dei venta til kampen mellom Tromsdalen og Hønefoss neste helg for å finna ut kven som får den etterlengta plassen i 1. divisjon.

Tea Berteig

KAPTEIN: Tea Berteig skal leia laget mot Tromsdalen på søndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er nok den største kampen eg kjem til å spela for klubben. Det er ikkje småtteri, seier Berteig.

Litt sjukdom i laget

I vår var Kaupanger på stø kurs mot førsteplassen og opprykkskvalik. Dei tapte ikkje ein einaste seriekamp før i midten av juni, og ting såg lyst ut. Men utover hausten gjekk dei på eit par smellar. Dei sleit med å ta poeng, og sjølv om dei framleis leia serien, gjekk ting trått. Det snudde, og dei vann dei tre siste kampane sine, den siste ein rein seriefinale mot Fyllingsdalen.

Laget har trent som vanleg inn mot søndag, og forventar tøff motstand.

– Me veit at dei har to raske kantar og ein høg midtspiss, og at dei er veldig gjennombrotshissige. Men det skal me takla, dei får koma med det dei har, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Øystein Lindesteg Rinde

TREDJE SESONG: Det er Øystein Lindesteg Rinde sin tredje sesong som Kaupanger-trenar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Trass i litt sjukdom i troppen, er han ikkje uroa fram mot søndag.

– Det er forkjølingssesong, men me håpar dei som er sjuke blir klare til søndag. I kvar kamp har me hatt spelarar som ikkje har vore 100 prosent friske, og som kanskje ikkje burde spelt. Men om viljen er der, så er det ikkje så nøye om du er litt redusert. Då spelar du på rein vilje, seier han.

Kopi av 2012?

I 2012 stod dei i same situasjon. Den gongen vann dei 2–1 mot Urædd og sikra opprykket , til vill jubel frå heimepublikummet.

Kaupanger-damene feirar opprykk til fyrstedivisjon like etter kampslutt mot Urædd.

SLIK FEIRA DEI I 2012: Kaupanger håpar på liknande scener på søndag. rundt 400 tilskodarar fekk med seg kampen for fem år sidan.

Åshild Haugen er ein av dei få som framleis er i troppen som også spelte førre opprykkskamp.

– Det blir tøft, tett og jamt. Den som vil mest, den vinn, seier ho om kampen som skal spelast på søndag.

Åshild Haugen

SPELTE SIST GONG: Åshild Haugen spelte opprykkskampen i 2012. Får ho grunn til å feira ein gong til?

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me er gode nok

Etter opprykket i 2012, heldt dei seg på det nest høgste nivået i 2013. I 2014 vart det eit soleklart nedrykk, og sidan det har dei spelt i 2. divisjon. Dei er klare på at dei er gode nok for å spela toppfotball.

– Når me får til å spela slik som me ønskjer å spela fotball, så er me gode nok. Men ikkje når me slepp oss nedpå, seier kaptein Berteig.

– Ja, me er gode nok. Me har utvikla oss bra i haust, sjølv om det har svinga litt. Rykker me opp, så kjem me til å ta nye steg, seier trenar Lindesteg Rinde.