Hopp til innhold

– Eg hadde i alle fall håpa at mamma skulle få sitt eige rom til jul, men det ser jo ikkje slik ut

FLORØ (NRK): Fastbuande på ein sjukeheim skal eigentleg ha einerom, men i Florø finst det eldre som må klare seg med eit lite hjørne i enden av eit rom.

Tremannsrom på furuhaugane sjukeheimen i Florø

TRONGT: Kjellaug Vågene tykkjer det er trongt å bu på tremannsrom på sjukeheimen i Florø. Dette er eit slikt tremannsrom.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg hadde i alle fall håpa at mamma skulle få sitt eige rom til jul, men det ser jo ikkje slik ut, seier Bjørg Jagedal.

Mor hennar er 93 år gamal, og har fått fast plass på sjukeheimen på Furuhaugane i Florø. I meir enn eit halvt år har ho delt rom med to andre personar som ho ikkje kjenner.

– Det er veldig vanskeleg for ho. Ho sit klemt opp i ei gardin, og har ikkje noko privatliv. Før sat ho alltid og høyrde på radio, no torer ho ikkje, for ho vil ikkje forstyrre dei andre på rommet.

93-åringen tykkjer ikkje det er noko kjekt å bu på rom med to andre, og dei pårørande likar det heller ikkje. Slik skal det heller ikkje vere, men Jagedal meiner at mora hennar ikkje er den einaste som må finne seg i slikt.

Folk på sjukeheim har ikkje noko lovleg krav om å få bu på einerom, men både Stortinget og fleire regjeringar har signalisert at det skal vere ein rett fastbuande skal ha.

Ordføraren: – Slik skal det ikkje vere

Ordførar i Flora Ola Teigen (Ap) fortel at det ikkje skal vere slik at fastbuande på sjukeheimen skal måtte dele rom med andre.

– Vi har alltid praktisert det slik at folk som bur fast på sjukeheimen i Florø, dei skal ha einerom. Slik praktiserer vi det framleis, seier Teigen.

Sjukeheimen furuhaugane i Florø

TRONGT OM PLASSEN: Det er trongt om plassen på sjukeheimen i Florø.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Når han får høyre at det ikkje er alltid det stemmer, seier han at det ikkje er slik det skal vere.

– Det er ikkje slik det skal vere. Det hender at folk som bur på sjukeheimen mellombels må dele rom med andre, men dei fastbuande skal ikkje det.

Også tidlegare har Flora kommune fått kritikk for tronge buforhold på Furuhaugane bu- og servicesenter. I 2010 fekk kommunen refs frå Fylkeslegen då ein dement bebuarar måtte bu på eit baderom.

Ola Teigen vart overraska over at kystradioen skal leggast ned.

SKAL HA EINEROM: Ordførar Ola Teigen fortel at fastbuande på sjukeheimen i Florø skal ha einerom.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg blir lei meg av dette

Pensjonistforbundet seier at det er ganske lenge sidan sist dei høyrde om eit så graverande tilfelle som situasjonen i Florø.

– Det skal ikkje vere slik i 2017, og eg blir veldig lei meg når eg høyrer om fastbuande som må bu på rom med to andre, og som må feire jula slik. Det er moralsk forkasteleg å behandle eldre folk slik, seier generalsekretær Harald Olimb Norman.

Generalsekretær pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman

TRIST: Generalsekretær i Pensjonistforbundet, Harald Olimb Norman, seier at han blir trist av å høyre historia ifrå sjukeheimen i Florø.

Foto: privat

Ordførar Ola Teigen lovar at ting skal bli betre om eit års tid, då vil nye eldrebustader stå klare. Før den tid skulle Bjørg Jagedal gjerne sett at mor hennar fekk meir plass.