Hopp til innhold

På Robek-lista

Naustdal kommune er meldt inn i Robek fordi underskotet frå 2013 ikkje vart dekt inn innan 31.12.15. For Naustdal betyr at dei no ikkje kan ta opp lån utan godkjenning frå Fylkesmannen. Underskotet var ved årsskifte på vel fire millionar kroner. Kommunen må finne inndekking av det oppsamla underskotet seinast ved revisjonen av budsjettet neste år, skriv Fylkesmannen på sine nettsider.

Naustdal sentrum sett frå andre sida av fjorden
Foto: Alf Vidar Snæland