- LES OGSÅ:
Circus Agora la om heile stilen i fjor og kutta ut alle dyr i sirkusmanesjen.Dyrevernarar gledde seg over utviklinga i sikrusteltet, men publikum uteblei.
Konkurs eit alternativ
Dermed ser det dårleg ut for sirkuset no.
Det er fleire kreditorar som har beløp dei ventar på frå sirkusdirektør Jan Kjetil Smørdal.
- LES OGSÅ:
Smørdal orsakar at sirkuset no sit med betalingsvanskar, og han ber kreditorane gå med på ein frivilleg akkord.
- Alternativet er å slå oss konkurs. Men det er eit alternativ som neppe vil gje kreditorane økonomisk utteljing, meiner Smørdal.
Mangla elefant
- LES OGSÅ:
Då sirkuset vitja Sør-Helgeland i august i fjor kom ikkje publikum. Brønnøy kommune er no ein av fleire kreditorar som har fått informasjonsbrev frå Smørdal der han ber dei ha tolmod med pengane.
Han forklarar at sesongen utan dyr var den aller første for sirkuset, og at publikum har reagert negativt på dette, skriv
.Akrobatar dårleg butikk
I staden har sirkuset satsa på artistar frå det verdskjende canadiske artistsirkuset Cirque de Soleil.
- LES OGSÅ:
- Erfaringane våre seier at vi ikkje kan ta omsyn til aktivistar som ikkje ønskjer sirkus utan dyr. Vi må halde fram kampen vår for å halde på det tradisjonelle sirkuset med dyr. Og ingen kan ta frå oss at vi har gjort eit forsøk, skriv han i brevet til kommunen.