Hopp til innhold

På prøvespel for FK Haugesund

Oddbjørn Skartun har bøtta inn mål for Vard Haugesund i 2. divisjon. No skal han på treningsleir med tippeligalaget FK Haugesund, der sogndølen skal få prøva seg mot Mesterligalaget Shaktar Donetsk.

Oddbjørn Skartun

Oddbjørn Skartun (t.v.) skal på treningsleir med tippeligalaget FK Haugesund.

Foto: privat / Vard Haugesund

– Eg fekk telefonen i går, og då var det berre å kasta seg rundt, bestilla fly og gjera seg klar til avreise, seier 22-åringen.

Internasjonal motstand

Vard Haugesund-spelar Oddbjørn Skartun vart oppringt av FK Haugesund onsdag, og allereie i morgon vendar han nasen mot Tyrkia. Der skal tippeligalaget trena i ei veke, og dei skal òg spela mot Mesterligalaget Shaktar Donetsk (Ukraina).

– Det hadde vore fantastisk å få spela mot dei og sjå kva nivå dei er på. Eg håpar å få speletid, seier Skartun.

Han ser på dette som ein god moglegheit til å få testa kor god han er i forhold til tippeligaspelarane og den europeiske storklubben.

– Eg er ikkje so oppteken av korleis det går. Det er mest det å få erfaringa, og å sjå kva eg må jobba vidare med som fotballspelar som er viktig.

– Han har kvalitetane til å bli Tippeligaspelar. Han har ein iver etter å trena og veldig gode haldningar, samstundes som han har talentet til å bli god, seier Vard Haugesund-trenar Steinar Lein.

Oddbjørn Skartun

Oddbjørn Skartun då han spelte for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Kjempenøgd

Sogndølen reiste til forlét moderklubben Sogndal til fordel for 2. divisjonslaget i Rogaland i 2009. Der har han skora 33 mål på 66 kampar – som kantspelar.

– Eg fekk lite speletid i Sogndal. Det var mange om beinet, men eg fekk ikkje visa meg fram so mykje som eg ønskte. Difor var det naturleg å søka seg vidare til ein klubb der eg fekk fast speletid, seier 22-åringen.

– Eg har utvikla med som både spelar og person, so eg angrar ikkje i det heile tatt på at eg reiste frå Sogndal.

I Vard Haugesund har han gjort det bra, og ved sidan av fotballen studerer han økonomi. Men Skartun legg ikkje skjul på at det ville vore vanskeleg å takka nei om Sogndal skulle visa interesse.

– Sogndal vil alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt. Å springa ut på Fosshaugane i ein Tippeligakamp hadde gitt meg frysningar.