Hopp til innhold

På øya i havgapet møter du alle øybuarane to gonger

ROGNALDSVÅG (NRK): Jenta du møter langs vegen kan vere ho som smiler til deg frå den næraste låveveggen.

Portrett av alle innbyggerane på øya.

HYLLEST: Små born heng side om side med dei eldste innbyggjarane på øya Reksta i Flora kommune.

Kunstprosjektet på øya Reksta utanfor Florø er gjort for å heidre dei rundt 70–80 innbyggjarane på øya.

Kvar og ein har blitt fotografert, og portretta heng på ulike lokasjonar over heile øya.

Kunstnaren kjenner seg heime

– Eg utruleg imponert over menneska som bur her, og dugnadsånda dei har, seier kunstnar Kim Reksten Grønneberg.

Den eldste øybuaren som er avbilda i prosjektet er kunstnaren si eiga mormor.

– Her får dei til så mykje, sjølv om dei er få menneske. Dei har dugnadar, basar, julekonsertar og generelt mykje bra som skjer. Så dette er ein hyllest til dei som bur her, seier han.

Samla øybuarane

Også i utføringa av prosjektet har øybuarane sjølv bidrege. Ein av dei som er med å ta initiativ til prosjektet er Ingebjørg Reksten.

– Når vi går rundt på øya og heng opp arbeida går vi og pratar. Så pratar du kanskje meir med dei du ikkje kjenner så godt frå før, hyttefolk og dei andre som ikkje bur her fast, seier Reksten.

Fyrste gong ho såg eit slikt arbeid var i utlandet.

– Eg såg dette fyrste gong på Times Square i New York, smiler ho.

Også kunstnaren sjølv får ein plass i utstillinga.

– Kimmen må også opp, det tykkjer vi er viktig! Seier Ingebjørg Reksten.