Hopp til innhold

For andre gong i haust er det kakerlakkar på skulen

Dei trudde dei var kvitt uvesenet, men denne veka vart det på ny funne kakerlakkar på Svelgen skule. Eitt klasserom er stengt, og eit skadedyrfirma er hyra inn for å få vekk dei uynskte insekta.

Tysk kakerlakk

UYNSKT INDIVID: Slike småkryp (tyske kakerlakkar) har skapt bry for Svelgen skule.

Foto: Sara Camp - creativecommons.org/licenses/by-nd/2.0/deed.en

Driftssjef Carina Endresen Solvåg I Svelgen oppvekst fortel at det vart oppdaga kakerlakkar på SFO første skuledagen i august.

– Sidan det er kjøkken på SFO stengde vi av heile avdelinga. Så fekk vi inn skadedyrfirmaet Rentokil som sette opp detektorar for å fange kakerklakkane.

Og det hjelpte. I september vart det funne berre nokre få eksemplar i detektorane, og den 10. november var det heilt fritt for kakerlakkar. Og då trudde alle at dei var kvitt problemet.

Klasserom blir stengt

Men berre to veker etterpå, tysdag i denne veka, vart det på ny oppdaga nokre eksemplar, seier Solvåg.

– Det var nokre tilsette som skulle gjere noko arbeid på kveldstid. Då dei slo på lyset, oppdaga dei kakerlakkar på golvet i klasserommet til første klasse.

Dermed blir dette klasserommet stengt av - i første omgang ut neste veke - og Rentokil var i dag på ny på plass for å utplassere detektorar.

Svelgen skule

KLASSEROM STENGT: På Svelgen skule er eitt klasserom ute av bruk på grunn av kakerlakkar.

Foto: Arild Nybø

Kvar kjem dei frå?

Og no er det store spørsmålet: Kvar kjem desse kakerlakkane frå?

– Vi veit at dei ikkje kan kome frå naturen rundt skulen, og dei finst ikkje i andre offentlege bygningar i Svelgen, seier driftssjef Carina Endresen Solvåg.

Ho har ikkje haldepunkt for å seie om skadedyra kan ha kome med elevar, men vedgår at det er ein tanke dei har tenkt.

– Men vi har ikkje nokon konkret mistanke om kvar dei kan kome frå.

Og så er det neste spørsmålet: Kan skuleelevane få med seg kakerlakkar heim?

– Det trur vi ikkje er så sannsynleg. For desse dyra trivst ikkje i lys, og det er lys på så lenge elevane er på skulen, seier driftssjefen.