Hopp til innhold

På måndag startar undersøkingane av branntomta

Måndag startar politiet undersøkingane av huset som natt til torsdag brann ned til grunnen i Svelgen.

Lensmann Hans Rune Strandos med branntomta

VANSKELEG ETTERFORSKING: Lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos seier dei førebels ikkje veit kva som er årsaka til bustadbrannen i Svelgen før helga.

Foto: Emilie Leirvik

– Huset er å rekne som totalskadd, seier lensmann Hans Rune Strandos.

Ein familie på fire miste nesten alt dei eigde då flammane slukte huset deira i sentrum av Svelgen. Men det kunne gått langt verre, og fleire heimar kunne gått tapt . Den eine personen som var i huset fekk redda ut nokre personlege gjenstandar, men utover det er alt vekke.

– Vedkomande er fysisk uskadd, men alle er sjølvsagt prega av det som har skjedd, seier Strandos.

Vanskeleg etterforsking

Så langt har politiet ikkje kome noko nærare ei mogleg årsak til brannen , dei har heller ikkje fått avhøyrt dei som var i huset i forkant av brannen.

– Det tek vi sikte på å kome i gang med over helga.

–Med tanke på at huset er totalskadd som du seier, kor lett blir det å skulle finne ei årsak til brannen?

– Det er klart at til større skadar huset har til vanskelegare blir det å skulle finne ei årsak. Men dette er noko vi må kome attende til når vi har fått avhøyrt vitne og starta undersøkingane.