På landstoppen i leiarløner

Trudde du at Sogn og Fjordane ikkje kunne konkurrere på leiarløner? Då tek du feil.

Ifølgje ei fersk måling ligg Sogn og Fjordane nesten i landstoppen på leiarløner. Berre fem fylke har høgare lønsnivå.

Nær ein halv mill.

Den årsvisse undersøkinga Norsk Ledelsesbarometer, som er utført for organisasjonen Lederne, viser at leiarar i Sogn og Fjordane har ei snittløn på 492.000 kroner.

Generelt er det store geografiske skilnader i lønsnivået til norske leiarar viser målinga som er utført blant 3460 leiarar og mellomleiarar over heile landet.

Storleiken på bedrifta

Forbundsleiar Jan Olav Brekke i Lederne meiner lønsskilnadene i stor grad skuldast konkurranse om arbeidskrafta i dei større fylka.

– Målingane våre avslører at dei mest befolkningsrike fylka husar Norges best betalte leiarar, seier han i ei pressemelding.

Undersøkinga avdekkjer også ein klar tendens til at leiarlønene auker i takt med storleiken på verksemda. Leiarløna i ei verksemd med 1-10 tilsette ligg i snitt på 435.000 kroner, mens ein leiar i ei verksemd med over 1000 tilsette i snitt tener 666.000 kroner i året.

Løn som fortent?

Derimot ser ein ikkje nødvendigvis noko sammenheng mellom dyktighet og løn.

– Vi har mange gode leiarar som ikkje ligg på lønstoppen. Løn blir gjerne fastsett som ein konsekvens av konkurransesituasjonen der bedrifta ligg, og dei årlege lønsaukene kjem som eit resultat av dette, seier Brekke.

Han meiner det er naturleg at sjefar med stort personalansvar får høgare løn.



Snittlønn ledere og mellomledere i norske fylker:
1. Akershus: 528 600
2. Rogaland: 509 300
3. Oslo: 509 200
4. Hordaland: 502 300
5. Sør-Trøndelag: 493 300
6. Sogn og Fjordane: 492 500
7. Møre og Romsdal: 489 200
8. Vest-Agder: 474 900
9. Telemark: 472 700
10. Troms: 467 800
11. Buskerud: 465 100
12. Nord-Trøndelag: 452 300
13. Østfold: 450 700
14. Vestfold: 450 600
15. Aust-Agder: 448 400
16. Nordland: 447 900
17. Finnmark: 446 900
18. Oppland: 421 000
19. Hedmark: 416 000

Kjelde: Norsk Ledelsesbarometer 2010 frå Lederne