Hopp til innhold

På Landskyttarstemnet for 60.gong

82 år gamle Ragnar Husabø frå Leikanger blir aldri lei av Landsskyttarstemnet. I år er han med for 60 gong, det er truleg norsk rekord.

Ragnar Husabø
Foto: Jørn Njøs

Det er få om nokon som kan konkurrere med skyttaren frå Leikanger, når det deltaking på Landsskyttarstemnet.

Første gong Husabø deltok var i 1950 i Oslo. I år er han med på sitt 60. stemne i Bodø. Og 82-åringen har tenkt å vere med så lenge han kan halde eit gevær.

Landskytterstemnet har vore arrangert kvart år sidan 1893, bortsett frå i krigsåra 1940-1945.

Like kjekt no som i 1950

Ragnar Husabø har i år teke turen til stemnet i Bodø med kona og dottera som sjåfør. Allereie fredag var han på plass, klar for ei veke med skyting og sosialt samvær.

– Det kjekkaste er å snakke med gamle kjende frå alle deler av landet, seier den erfarne skyttaren. Han meiner Landsskyttarstemnet er like kjekt i dag som i 1950, og nyt kvart minutt av opphaldet.

Vi overnattar på ein skule ikkje så langt frå arenaen og har det strålande.

Må opp i seks tida på måndag

Veteranen frå Leikanger deltek i den eldste klassen, V73, og han var i aksjon allereie søndag.

– Eg er litt skuffa over skytinga i dag, der eg fekk 272 poeng. Dette er åtte poeng for lite, seier Husabø

Han har ikkje noko forklaring på kvifor det ikkje blei fleire tiarar, men meiner sjølv han hadde nervane under kontroll.

Allereie måndag morgon skal skyttaren i aksjon igjen, og då er det berre å få i seg ein solid frukost før det heile brakar laus. Tysdag er det klart for feltskyting, og Husabø håpar på finaleplass.

– Eg må nok opp i seks tida på måndag for å gjere meg klar, men det går bra. Berre frukosten er i boks, er eg klar eg, humrar 82-åringen.

Bestemorenga i Bodø

BESTEMORSENGA: Her på Bestemorsenga i Bodø er skyttarane i aksjon

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Ragnar Husabø har teke med seg medaljar heim til Sogn fleire gonger i løpet av karrieren. I 1953 vann han si klasse i feltskyting, og han vann Landskyttarstemnet i 1957.

Skyttaren har trena både to og tre gonger i veka framfor stemnet i Bodø, og meiner sjølv han har formen inne. Og dersom helsa held, er han klar for neste landsskyttarstemne i 2012.