I serien "På kunstferd i Sogn og Fjordane" vart det teke opp mange ulike tema knytt til kunst i fylket.
Unge kunstnarar
Kvifor er det så få unge kunstnarar frå Sogn og Fjordane som vil bu i heimfylket? I det siste programmet i kunstserien såg reporter Synnøve Aasland og museumsdirektør Morten Johan Svendsen nærare på framtida for kunsten her i fylket.
Monument og minnesmerke
I Rivedal ved Dalsfjorden, står ein stolt Ingolfr Arnasson og skuar utover fjorden. Statuen er eit minnesmerke over hopehavet mellom Island og Norge.
Kring 870 reiste Ingolfr Arnasson og folket hans frå Dalsfjorden til Island. Banda mellom Island og Norge har alltid vore sterke, og i 1958 var den islandske presidenten i Dalsfjorden. Det enda altså med at det nokre år seinare vart reist ei statue av Ingolfr Arnasson i Dalsfjorden.
Kunsthandverk
Kunsthandverk vart lenge ikkje sett på som verkeleg kunst. Den verkelege kunsten var det som kunne pryde veggane, medan kunsthandverk berre hadde ein bruksfunksjon. Men i samband med dei store endringane i norsk kunstliv på byrjnga av 1970- talet, vart kusthadverket i større grad sidestilt med andre delar av kunstfeltet.
På kunstnarsenteret i Førde sel dei kunsthandverk laga av lokale kunstnarar.
Moderne arkitektur
I Sogn og Fjordane er det to bygg som har fått den mest anerkjende arkitekturprisen i Norge for god og nyskapande arkitektur. Bremuseet i Fjærland er teikna av arkitekt Sverre Fehn, og stod klart i 1991.
Det andre bygget som har fått den anerkjende arkitektprisen, er Nordisk kunstnarsenter sitt anlegg på Dalsåsen i Fjaler. Her bur og arbeidar besøkande kunstnarar frå heile verda.
Ny kunst - ny bruk av materiale
Kunst frå 1990-talet og fram til i dag er ofte vanskeleg å vurdere i eit tidsperspektiv nettopp på grunn av den nære avstanden i tid. I tillegg er vi i ei tid der ny teknologi og nye teknikkar for alvor blir tekne i bruk i kunstproduksjonen, og som gjer at vi i dag har eit større mangfald av kunst enn nokon sinne. Men ein fellesnemnar for denne nye kunsten kan vere at kjende materiale frå kunsthandverkstradisjonen vert teke i bruk- på heilt NYE måtar.
I samlinga til Sogn og Fjordane Kunstmuseum finn ein mange døme på dette mangfaldet i samtidskunsten.
Omstridd kunst
Kunst kan få fram sterke kjensler folk, og det finst mange døme på kunstverk som har vore utgangspunkt for store debattar. I Dale sentrum står eit minnesmerke over diktaren Jakob Sande. Men det var ikkje alle som var like nøgd med skulpturen då han kom i 2002. Vi tok turen til Dale for å sjå nærare på Vesle Daniel.
Anders Askevold
Anders Askevold var den aller første nasjonalt kjende biletkunstnaren frå Sogn og Fjordane. I dette programmet tek vi turen til Askvoll der kunstaren vart fødd.
Skjulte kunstverk
Det er mykje rart som kan skje med offentlege kunstverk når samfunnet rundt endrar seg. I dette programmet er vi på jakt etter gøymde og gløymde kunstverk i i Sogn og Fjordane.
Politisk kunst
Kan kunst endre samfunnet? I dette programmet snakkar reporter Synnøve Aasland og museumsdirektør Morten Johan Svendsen snakke om kunst som eit politisk verkemiddel. Og det var fleire kunstnarar frå fylket som stod sentralt i den politiske kunstrørsla på 60- og 70-talet.
Hans Gjesme
Lærdals-kunstnaren Hans Gjesme blir av mange løfta fram som ein nasjonal storleik i samtida si innan både portrett- og landskapsmåling.
I denne episoden har reporter Synnøve Aasland og museumsdirektør Morten Johan Svendsen vitja Gjesme-galleriet i Lærdal for å finna ut kva det er ved måleria til Gjesme som gjer han til ein slik stor kunstnar.
Offentleg utsmykking
Kunstutsmykkingar set sitt preg både på sjukehusa, fylkeskommunen og dei vidaregåande skulane i fylket. Men kvifor er slike offentlege utsmykkingar viktige? I denne episoden har mellom anna sett nærare på utsmykkinga ved Førde Sentralsjukehus.
Design og arkitektur
Kva skal til for at design og arkitektur skal bli oppfatta som kunst? I dette programmet handlar det mellom anna om "funkis-arkitektur" og møbeldesign. Vi har besøkt Lindstrøm Hotel i Lærdal.
Nasjonal skulptør
I dette programmet skal vi til ein av dei store, nasjonale bilethoggarane i Norge på byrjinga av 1900-talet. Skulpturane til Anders Svor frå Hornindal vert nemleg av mange jamnstilt med verka til den kjende skulptøren Gustav Vigeland. Men i motsetnad til Vigeland, er det få som kjenner til den talentfulle honndølen.
Modernistisk kunst
Fleire kunstnarar med røter i Sogn og Fjordane stod svært sentralt i utviklinga av modernistiske kunst i Norge på 50- og 60-talet. I dette programmet ser vi nærare på den nonfigurative og abstrakte kunsten.
Kyrkjekunst
Det første programmet i kunstserien tek for seg ein type kunst som vi finn i alle krokar av fylket, og som er kjend for dei fleste.
Synnøve Aasland og museumsdirektør Morten Johan Svendsen har teke turen til to heilt ulike kyrkjer, Høyanger kyrkje og Nord-Vågsøy kyrkje, for å snakke om kyrkjekunst.