Hopp til innhold

På friarferd i Hordaland, men likar det ikkje sjølv

Gulen kommune går saman med sju kommunar i Nordhordland med planar for kommunesamanslåing.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

USIKKER: Senterpartiordførar Hallvard Oppedal vil signere papira som kjem ut av intensjonsavtalane med kommunane i Hordaland, sjølv om han personleg er skeptisk til å bli del av ein gigantkommune.

Foto: Gøril Sætre

– Eg er pålagt å forhandle fram to avtalar, og prøver å få Gulen sine interesser inn på best mogleg måte. Eg skriv under dei når eg er nøgd med det, så er det opp til kommunestyret å bestemme kva vi skal gå vidare med og kva som blir lagt ut til folkerøysting, seier ordførar Hallvard Oppedal.

Saman med sju kommunar i Nordhordland har øykommunen Gulen bestemt seg for å finne ut om dei kan bli landets største kommune. Med i planane er Lindås, Radøy, Meland, Fedje, Austrheim, Gulen, Modalen og Masfjorden. Avtalen skal signerast 1. mars. I Lindås ser ordføraren med glede på planane.

Delte meiningar om avtalen

– Det er utruleg flott at vi kan ha intensjonsavtale til behandling. Den nye kommune gjer oss nye moglegheiter inn i ei ny framtid. Vi blir ein stor og slagkraftig kommune som kan ha stort fokus på samfunnsutvikling, heilskapleg arealforvalting og ikkje minst tenester til innbyggjarane våre, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes frå KrF.

Ordfører i Lindås Astrid Aarhus Byrknes

STORKOMMUNE: Ordførar i Lindås, Astrid Aarhus Byrknes, ivrar for å få på plass landets største kommune.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Dersom «Nordhordland kommune» blir ein realitet, vil kommunen få 36.000 innbyggjarar og vere på over 2100 kvadratkilometer. Gulen har i dag 2370 innbyggjarar, og er ein utkantkommune i Sogn og Fjordane. Senterpartiordføraren er difor ikkje like entusiastisk som kollegaen lenger sør.

Eg har vore open på det at det blir ein stor folkesetnad på 20–30 000 i sør, og berre kring 2000 i nord, så det ligg ein stor fare i at ein kan bli slukt av det og lange avstandar, utdjupar han.

Åtte kommuner kommunesammenslåing Hordaland

Folket skal avgjere

Det er kommunestyret i Gulen som har vedteke å få greidd ut storalternativet. Samstundes rir kommunen også to andre kommunehestar. Eit alternativ er å slå seg saman med berre nabokommunen Masfjorden, og eit siste er å halde fram åleine.

– Vi har greidd ut alternativet om å stå åleine, der vi har sett på sterke og svake sider ved det.

Målsettinga er at det skal vere ei felles folkeavrøysting i dei åtte kommunane 23. mai. No blir det forhandla mellom kommunane, for å ha klare avtalar som innbyggjarane kan ta stilling til.

– Vi skal ha folkemøte i fire grender, og tek med oss dei innspela til kommunestyremøte i april.

.