Hopp til innhold

På dugnad for skytinga

I tre år har familien Isene jobba fram mot Landsskyttarstemnet i Førde.

Familien Isene

Det meste dreier seg om skyting i familien Isene frå Førde. F.v. Magnar, Mona, Åse og Gisle.

Foto: Birger Meland / NRK

- Det har vore jobbing døgnet rundt, vedgår pappa Magnar.

I morgon går startskotet for eit av årets største idrettsarrangement: Landsskyttarstemnet 2008 i Førde.

Over 5000 aktive og minst 10 000 andre kjem til Førde for å vere med på spenninga som vil vare fram til 2. august.

Enorm dugnadsvilje gjer stemnet mogeleg, og i familien Isene bidreg alle fire for at arrangementet skal verta best mogeleg.

Tre år

For tre år sidan vart hovudstyret for Landsskyttarstemnet i Førde etablert, og då meldte både mamma Åse og pappa Magnar seg. Etter det har dei vore med på møte ein gong i måneden. Det siste halvåret meir intensivt.

- Me har tenkt veldig mykje skyting og plar snakke om livet før og etter Landsskyttarstemnet, fortel Åse og ler.

- Så no lurar eg på kva me skal finne på til hausten.

Magnar ler.

- Me har visst planar om å pusse opp heile huset, seier han.

Mange oppgåver

Magnar er skyteteknisk og har jobba mykje med å få orden på alt som har med skyting å gjere.

- Me skaut bort mykje fjell, og då vart standplassen øydelagt. Så me måtte leggje nytt tak og nye veggar, fortel han.

Åse har ansvaret for resultatservice og skal halde seg på arenaen under arrangementet.

Borna med

Dei to borna i familien, Mona og Gisle, er òg med - både på dugnad og som skyttarar under stemnet. Dei vedgår at det har vore mykje tid heime åleine.

- Eg har hatt mykje pizza på bordet, ler Gisle.

- Og så har eg passa på at foreldra mine ikkje har jobba seg i hel.

Under stemnet skal Gisle ha ansvar for kontroll av våpen før skyting. Han skal passe på sikkerheita på standplass og sørge for at det er like premissar for alle.

Også Mona skal vere med og jobbe. Ho er nestkommanderande etter faren for skyteteknisk, og med tidlegare skyteresultat er det òg store sjansar for at ho kjem høgt opp på resultatlista.

- No startar moroa, så då er forarbeidet gløymt og alt godt igjen, smilar Gisle.

Vil på jakt

No gler familien seg til eit skyttarstemne i strålande solskin. Om litt over ei veke er Landsskyttarstemnet i Førde over. Og far i huset veit kva han vil gjere etter tre år med førebuande arbeid og to dagar med opprydding for Landsskyttarstemnet.

- Eg skal på jakt, ler han.

Familien Isene

Familien Isene kjem ikkje til å sitje i ro eller samla under Landsskyttarstemnet i Førde.

Foto: Birger Meland