NRK Meny
Normal

På dette reisebyrået har dei framleis mykje å gjere

MÅLØY (NRK): Sjølv om dei fleste nordmenn bestiller draumeferien sin med berre eit tastetrykk, er det framleis mange som søker til reisebyrået i Måløy.

Gudrun åse,ragnhild nordbø og ingvill sunde freistar med reiser til sydlege strok

REISE: Gudrun Åse, Ragnhild Nordbø og Ingvill Sunde freistar med reiser til varmare strøk.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi har masse kundar. Mest folk frå Nordfjord og Sunnfjord, men faktisk også frå heile landet, seier reisekonsulent, Ingvill Sunde.

Sunde jobbar ved HGR Bennet ferie i Måløy. Dei er eit av dei siste attverande byråa i Sogn og Fjordane. Der kan ein stikke innom for å snakke med kundebehandlarane.

– Folk prioriterer opplevingar

Ved Bennet i Måløy er dei fire tilsette, og Sunde meiner dei har meir enn nok å gjere. Ho har drive i bransjen i 25 år, og sjølv om fleire og fleire bestiller reisene sine på nettet, vil folk ha personleg hjelp.

– Nettet har teke over ein del, men mange søker til byrået fordi dei sit og leitar på nettet og treng hjelp. Det blir meir og meir slik at vi skreddarsyr reiser for folk ut frå ting dei har sett i brosjyrar og liknande, seier ho.

Bennet Reisebyrå i Måløy

BESTILLING: Terje Nydal bestiller tur til Færøyane av Gudrun Åse på HRG Bennet Ferie.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ho meiner den største fordelen med å bruke reisebyrå er at ein har ein stad å kontakte om noko skulle hende.

– Dagleg kontaktar folk oss for å få hjelp til å endre på bestillinga si. Då er det berre ein telefon, også ordnar vi det, seier Sunde.

Fremst på netthandel

Ifølge kommunikasjonsansvarleg i reisebyrået Tui, Nora Aspengren, er nordmenn dei fremste i Europa på å bestille reisene sine på nettet. 80 prosent av alle sal hos dei skjer over nettet, og 55 prosent av det er folk som bestiller reiser på mobilen sin. Berre ein liten brøkdel søker framleis hjelp av det ho kallar agentar.

– Berre ti prosent av omsetninga vår er via agentar på lokalkontor rundt i landet. Den eldre garde gjer ofte det, og nokon brukar også desse om dei har kompliserte reisebehov, seier Aspengren.

Nora Aspengren Kommunikasjonsansvarlig i Star Tour

NETTHANDEL: Nordmenn er aktive på netthandel, og ifølge Nora Aspengren i Tui, brukar vi meir og meir chat til å ha kontakt med kundebehandlarar og få raskt svar.

Samstundes er det heilt omvendt i land som Tyskland i det same selskapet. Der går dei aller fleste til butikkar for å snakke med ein agent når dei skal ut på tur.

– Det er det ein heilt annan kultur. I Tyskland er berre ti prosent av salet over nett og resten via dei om lag 1600 butikkane eller agentane, seier ho.

Likevel trur ikkje Aspengren det kjem til å ta heilt slutt for reisebyrå som Bennet i Måløy.

– Det vil framleis vere behov for menneskeleg kontakt. Eg trur ein kombinasjon mellom nettet og kontakt med agentar er framtida, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.