Hopp til innhold

På dette hotellet kan døve «høyre» når alarmen går

Hotelldirektøren Scandic Sunnfjord Hotell er trygg på at også høyrselshemma får det med seg når brannalarmen går. Slik er det ikkje på dei fleste overnattingsstadane her i fylket.

Odd Erik Gullaksen

HEIDERLEG UNNATAK: Direktør Odd Erik Gullaksen syner eitt av tre verkemiddel Scandic Sunnfjord Hotel & Spa har for å vekke høyrselshemma gjerster ved brann.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

HLF (Hørselshemmedes Landsforbund) Sogn og Fjordane krev no brannvarsling i form av vibrerande alarm som også kan vekke folk med sterk høyrselshemming dersom det bryt ut brann på hotell.

I dag er Scandic Sunnfjord Hotel eit heiderleg unnatak i Sogn og Fjordane. Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen fortel at hotellet i Førde installerte anlegget før HLF skulle ha landsmøte der i 2003.

Synnøve Solhaugen Engen

– STOR RISIKO: Fylkesleiar Synnøve Solhaugen Engen.

Foto: Privat

– Dei er faktisk best i klassen. Dei har forstått at høyrselshemma kjenner seg utrygge, og dei har vore lette å kommunisere med.

Har tre tiltak

Direktør Odd Erik Gullaksen på Scandic Sunnfjord fortel at det ikkje var ei spesielt dyr investering, og at det er svært viktig for hotellet at alle gjestene skal vere trygge. Når gjester seier frå at dei er høyrselshemma vil tilsette på hotellet oppsøke rommet deira ved brann.

– I tillegg låner vi ut ei klokke med ein vibrator som vi legg under puta. Når alarmen går på rommet blir den utløyst. Så er sju av romma våre utstyrte med eit pulserande blitslys i taket.

Brannalarm for høyrselshemma

VIBRERER: Når alarmen blir utløyst blir klokka og vibratoren utløyst.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Rimeleg krav

Fylkeslaget i Sogn og Fjordane har jobba med denne saka i mange år, utan at det har skjedd så veldig mykje. På årsmøtet i mars vart det vedteke å sende eit brev til Justisdepartementet.

Der krev dei at det kjem nye forskrifter med krav om at alle overnattingsstader skal ha tilgjengelege rom med både vibrasjonsvarsling og optisk varsling.

– Høyrselshemma som overnattar på hotell utan vibrerande varsling utset seg for stor risiko når dei legg seg til å sove. Det er eit rimeleg krav å få brannvarsling som kan vekke dei. Slik det er på dei fleste hotell kjenner dei seg veldig usikre.

Brannvarslar Scandic Sunnfjord Hotel

LYD OG LYS: Frå denne kjem både lyd og så sterkt lys at folk vaknar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I brevet frå HLF blir det vist til at 14,5 prosent av alle nordmenn har ei høyrselshemming som påverkar kvardagen. Og stadig fleire blir råka av nedsett høyrsel.

Oppmoding til Hotel Alexandra

Men å få nye forskrifter på plass tek tid, og HLF håpar at leiarane av hotell og overnattingsstader installerer varslingsanlegg utan at dei blir pålagde det.

– Her i Sogn og Fjordane har vi til dømes eit stort hotell som Alexandra i Loen, som burde ha hatt varslingsutstyr som også høyrselshemma kan ha nytte av, seier Synnøve Solhaugen Engen.