Hopp til innhold

På denne vegen har kvar sving eit namn - bli med så får du sjå!

Den vel fem kilometer lange Engjadalsvegen snor seg opp fjellsida frå Gaupne sentrum i Luster. 46 år etter at vegen vart opna, lever namna på svingane i beste velgåande.

Created by InfoDispatcher

MYKJE BRUKT: Engjadalsvegen er i dag ein svært populær og mykje brukt turveg. Bli med opp svingane, du også. Foto: Tage Skjaak Moen

Men, før du får vite kva svingane heiter, må du pent få med deg litt historie på vegen.

Då Engjadalsvegen vart påbyrja i 1950 var vegen sterkt ønskt av gardbrukarane i bygda. I dag trålar både lustringar og andre vegen, mest for trimmen og turen si skuld.

Men hadde det ikkje vore for iherdig innsats i tidsrommet 1950 til 1968, så er det slett ikkje sikkert vegen hadde lege der i dag.

– Det var i høgste grad ein viktig veg for alle i bygda. Planlegginga av vegen tok til allereie på slutten av 1930-talet, fortel Svein Nybø frå Gaupne.

Var eit skrikande behov etter vegen

Dei fleste av bøndene i Gaupne hadde mesteparten av slåttemarker oppe i nettopp Engjadalen. Mange hundre mål med dyrka mark vart kvart år slegne for hand eller med hest og slåmaskin.

Men jobben var ikkje meir enn halvgjort. For for at husdyra skulle ha mat til vinteren, måtte fôret fraktast ned til Gaupne. Utan veg, gjekk ikkje det ein gong an å bruke hest og kjerre.

Svein Nybø fortel historia om Engjadalsvegen

MÅ IKKJE GLØYME: Svein Nybø passar på at historia om Engjadalsvegen held seg levande.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter kvart som den motoriserte utviklinga også fann vegen til indre Sogn, tenkte ein tanken på å få på plass ein veg, slik at ein kunne få henta ned høy med traktor, og i det minste med hest og kjerre.

– Det var ein absolutt naudsynt veg dersom jordbruket i Gaupne skulle bli oppretthalde, seier Nybø.

Staten spytta inn 60 prosent

Men andre verdskrig sette ein effektiv stoppar for den planlagde vegbygginga. Som mykje anna, vart prosjektet sett på vent, i håp om betre tider.

– Men så snart krigen var over, tok arbeidet med vegen til. Vegen vart stukken første gong i 1947, fortel Nybø.

Statens vegvesen hadde det tekniske ansvaret for vegen. Det var dei som stakk ut traseen og kostnadsrekna han og hadde ansvaret i byggjeperioden. Heile vegen kosta totalt 990.500 kroner, noko som i snitt gav ein meterpris på 194 kroner.

– Det vart løyvt 60 prosent frå staten, medan 40 prosent måtte kommunen og interesserte stille med, fortel pensjonist og tidlegare avdelingsingeniør i Statens vegvesen, Per Birger Lomheim.

Gaupne, mot Engjadalen

SLYNGJER SEG OPP: I dalsida ovanfor Gaupne sentrum, slyngjer Engjadalsvegen seg oppover mot dei mange hyttene i området.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Tok 18 år før vegen stod ferdig

Pengar var det smått med, men arbeide hardt, det kunne lustringane. Dermed jobba dei opp sin del slik at dei slapp å betale.

– Vegen vart laga i fire parsellar. Den øvste og den nedste var rimelegast per meter. På dei to i midten var det mellom anna ei større bru og mykje sprenging, så der var meterprisen noko høgare, fortel Lomheim.

8. november 1950 vart første spadetak på vegen teke. Sidan skulle det ta 18 år før den 5.100 meter lange vegen stod ferdig.

I motsetnad til dagens vegbygging, hadde ikkje arbeidarane på Engjadalsvegen anna å hjelpe seg med enn handemakt, handbor, stubbebrytar og trillebår.

– Men i 1951/1952 fekk dei kompressor, og då fekk dei luft til å bore med. Det var eit stort framsteg, seier Nybø.

Mange avbrot i byggjetida

Når ein ser opp den bratte fjellsida over den vesle bygda Gaupne, er det mest ikkje til å tru at det let seg gjere å lage vegen på den tida.

– Det er eit imponerande stykke byggverk, seier Nybø.

Sjølv om vegbygginga strekte seg over 18 år, var det langt frå ei samanhengjande og effetiv byggjetid.

– Det var avbrot på avbrot på grunn av pengemangel og anna, seier Nybø.

Men har du lese så langt, så lurer du kanskje på kva desse svingane heiter? Her kjem dei, på rekkje å rad…

Judassvingen

Om det ikkje direkte er Bibel-soga som har gitt namn til svingen, så er det ei viss kjensle av svik som ligg bak, frå den som kom på namnet.

– Namnet er ikkje knytt opp til ein viss person. Men det vart litt kluss med dei som skulle jobbe her, seier Nybø.

Blant dei som jobba på vegen var det både organiserte og ikkje organiserte. På denne svingen vart det til slutt slik at ein kar som ikkje var organisert, rett og slett ikkje fekk lov til å jobbe der.

– Søstera hans byrja, i rein indignasjon, å kalle svingen for Judassvingen. Ho var frustrert på broren sine vegner, og meinte namnet var passande, seier Nybø.

Judassvingen

SVIKAR: Såre kjensler ligg bak namnevalet på Judassvingen.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Evigheitssvingen

Sjølv om svingen er kjapp å køyre i dag, gjekk det ikkje fullt så kjapt då svingen skulle byggjast.

– Det var ein komplisert sving der det måtte masse sprenging til. På grunn av pengemangel, vart arbeidet stoppa gong på gong, og vegen stod halvferdig veldig lenge, seier Nybø.

Han understrekar at det ikkje hadde med arbeidarane å gjere at bygginga gjekk seint. Snarare ting som var utanfor deira kontroll.

Evigheiten

TOK TID: Den krevjande svingen gjorde til at arbeidet tok lang tid.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Storpreikaren

– Det var tre personar som hadde ord på seg for å vere litt høgrøysta, og dei likte å diskutere. På folkemunne vart det sagt at ein kunne høyre dei heilt ned i bygda. Om det var sant, veit eg ikkje. Men det var slik namnet kom til, seier Nybø.

Han legg til at sjølv om kjakekrokane nok var veltrimma, var dei som jobba her, dyktige karar.

– Det var ein svært høg mur her, som må ha vore krevjande å lage på den tida, seier Nybø.

I denne svingen har det også vore arbeid i nyare tid. I påska i fjor raste svingen ut, og vegen var stengd i fleire veker. Heilt ny mur måtte på plass, eit arbeid som tok mange månadar.

Storpreikaren

PRAT OG PRAT: På folkemunne vart det sagt at svingen fekk namnet fordi praten mellom dei som jobba der, bar heilt ned til Gaupne.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Peisen

– Dette var ein komplisert sving å få til. Dei måtte skyte seg veldig djupt ned i grunnen akkurat i svingen. Dei andre som jobba her, tykte det likna meir på ein peis enn ein sving, fortel Nybø.

Men sving vart det til slutt, ein skikkeleg god og romsleg ein også.

– Til liks med resten av svingane i Engjadalsvegen, er dette ein veldig god sving med god stigning. Det er tydeleg at dei som har jobba her har kunna sitt fag, seier Nybø.

Peisen

MÅTTE SPRENGJE: Då salvene var over, såg svingen meir ut som ein peis enn ein sving.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Dobbel-Myren

Kjem av at det jobba to karar på svingen som begge hadde Myr i namnet.

– Kristian Sandvik vart til dagleg kalla Myra-Kristian, og Øystein Leirdal var frå Myri i Leirdalen, og vart difor kalla Øystein i Myri. Og dermed kom namnet Dobbel-Myren. Dei hadde ikkje meir moro enn dei laga sjølv, seier Nybø.

Han legg til at mange av dei som jobba på Engjadalsvegen var skøyige karar.

– Dei hadde glimt i auga, heilt klart, seier Nybø.

Dobbel-Myren

DOBBELT OPP: Med to gonger Myren gav namnet seg nesten sjølv.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Jensaper’n

Viss du har ein som heiter Jens og ein som heiter Per, kva er vel då meir naturleg enn å kalle oppatt begge to?

– Her jobba Jens Hillestad og Per Stegegjerdet, og dermed hadde svingen fått namn, seier Nybø.

Jensaper'n

JENS OG PER: Kalla opp etter to som jobba der.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Klokkaren

– Namnet er knytt opp til han som var bas på vegen. Han heitte Anton Røneid, og var gift med dottera til klokkaren i Gaupne. Til dagleg vart han kalla klokkar-Anton, og dermed var namnet klart, seier Nybø.

Klokkaren

VAR GIFT MED DOTTERA TIL KLOKKAREN: Basen på svingen vart kalla klokkar-Anton.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Apostelen

– Namnet har skapt litt hovudbry, for vi har ikkje heilt skjønt kvifor, seier Nybø.

Han legg til at svingen ligg på Kappestad, og her stod det etter gammalt eit kapell.

– Slik sett tykkjer eg dei heller burde kalla svingen kapell-svingen. Men det gjorde dei ikkje, seier Nybø.

– Eg trur det er knytt opp til han som var bas på denne svingen. Han var ein religiøs mann, godt likt og høgt respektert. Han siterte ofte Bibelen: «Det som Apostelen seier…», brukte han ofte for å understreke ting. Eg trur kanskje det er forklaringa, seier Nybø.

Klokkaren

VAR GIFT MED DOTTERA TIL KLOKKAREN: Basen på svingen vart kalla klokkar-Anton.

Foto: Tage Skjaak Moen / NRK

Populær turveg

Sjølv om det framleis er gardbrukarar i Gaupne som har god nytte av vegen, er nok vegen i dag i endå større grad nytta som turveg for bygdefolket, og som tur- og tilkomstveg for dei mange som har hytte i Engjadalen.

Etter at bomvegen vart gjort ferdig frå Vegaskjelet og opp på Brunen, har bruken av turvegen nærast eksplodert.

Og kanskje bør ein, når ein slit seg opp dei mange svingane oppover, sende ein varm tanke til dei som sleit og streva i årevis, for å få vegen på plass.

– Tenk, alt er gjort med handemakt. Her har aldri vore gravemaskin eller tekniske hjelpemiddel anna enn stubbebrytar. Alle vi som brukar vegen i dag kan vere takksame for dei som gjorde denne jobben, seier Nybø.