Hopp til innhold

Florø knuser Førde på denne statistikken

Kommunane i Sogn og Fjordane har vedteke å ta i mot 50 fleire flyktningar enn IMDI anbefalar i år. Men for neste år heng dei etter med meir enn 150.

Innvandrardebatt florø

TEK IMOT FLEIRE: Florø tek imot langt fleire flyktningar enn Førde. Biletet er teke under debatten på Innvandrarsenteret i Florø i førre veke, der politikarane snakka til berre innvandrarar og flyktningar.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Flyktningstraumen til Europa, som aukar etter konfliktane i Syria og Irak, gir også auka behov for busetting i Norge. Regjeringa har mellom anna sagt ja til 8000 syriske kvoteflyktningar over dei neste tre åra.

I desse dagar sender Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) ut nye oppmodingar til kommunane om å auke talet flyktningar dei tek imot i åra som kjem.

  • Sjå kor mange IMDI vil at din kommune skal busette lenger nede

Vil at Førde skal ta imot dobbelt så mange

Den store utfordringa mange stader er mangel på husvære. Anten ein faktisk mangel, eller mangel på utleigarar som vil seie ja til å huse flyktningar.

Politikarane i Førde har vedteke å busette 20 flyktningar både i 2014 og 2015 – IMDI ville at dei skulle seie ja til 35 kvart år. I 2016 og 2017 aukar IMDI si oppmoding til 45 kvart år – over ei dobling i forhold til kva Førde greier i dag.

– Vi er optimistiske til å klare litt meir, men eg tvilar på om vi klarar så mykje som det blir spurt om. Bustadar er utfordringa vår. Det er nesten berre bustader som gjer det vanskeleg, seier Førde-rådmann Ole John Østenstad.

– Vi greier ikkje å få tak i nok leigehus til dei. Det er rett og slett vanskeleg å få nok utleigarar til å seie ja, seier rådmannen.

Florø knuser Førde

I Florø er situasjonen ein heilt annan. Kommunen busette 45 flyktningar i fjor, ti fleire enn IMDI spurte om. I år får 56 flyktningar busette seg i kystkommunen – 20 fleire enn direktoratet bad om og nesten tre gonger meir enn Førde klarar.

Rådmann Terje Heggheim seier organiseringa gjennom det kommunale føretaket KF Innvandrarsenteret er ein nøkkelfaktor til at dei greier å overoppfylle IMDI sine ønsker.

– Føretaket leiger bustad og garanterer for husleiga. Dersom noko blir øydelagd er vi der med ein gong. Kommunen står ansvarleg overfor huseigar. Vi har over tid bygd opp eit forhold med gjensidig tillit, seier Heggheim.

Dagleg leiar ved Innvandrarsenteret, Arild Melvær, trur dei skal klare IMDI sine krav – 46 neste år og 45 i perioden 2017–2019 – dersom bystyret seier ja til det.

– Vi har ikkje diskutert det nøye enno, men eg trur vi kan klare sopass i perioden som ligg føre oss, seier Melvær.

Open for kommunal garanti i Førde

Hjå storebror lenger inne i Sunnfjord, er det i hovudsak Førde Norsksenter som prøver å skaffe bustader. Rådmann Østenstad seier at bustadsituasjonen har betra seg litt.

Saman med Sogndal, er Florø og Førde med i eit bustadsosialt velferdsprogram i regi Husbanken, og Østenstad ser positivt på løysinga Florø har vald.

– Vi held på å gå gjennom det bustadsosiale systemet vårt. At kommunen gir garanti for bustader trur eg er ein god ide. Eg skjønar veldig godt at dei som leiger ut ønsker ein sikker part å forholde seg til.

– Men eg vil legge til at vi får 38 nye einslege mindreårige til asylmottaket på Bergum frå hausten, så eg synest vi gjer vår del av dugnaden, seier Østenstad.

Tal for heile perioden 2014–2019 finst hjå IMDI.

Busetting flyktningar 2015-2017

2015

2016

2017

Oppmoda

Vedtatt

Oppmoda

Vedtatt

Plantal

Vedtatt

Flora

35

56

46

46

45

Gulen

10

17

15

14

15

Solund

6

9

15

10

15

4

Hyllestad

10

7

15

7

15

Høyanger

15

10

20

0

20

Vik

10

14

10

15

10

10

Balestrand

10

13

15

13

15

Leikanger

10

10

15

10

15

10

Sogndal

30

35

40

30

40

Aurland

10

15

15

Lærdal

10

15

15

15

15

15

Årdal

10

10

15

15

15

Luster

10

25

15

15

15

10

Askvoll

10

17

15

17

15

Fjaler

10

17

15

14

15

Gaular

10

5

15

5

15

Jølster

10

7

15

6

15

Førde

35

20

45

20

45

Naustdal

10

16

15

16

15

Bremanger

15

0

20

20

Vågsøy

10

15

15

15

15

Selje

10

10

15

15

Eid

30

34

40

30

40

30

Hornindal

6

5

10

5

10

Gloppen

15

15

20

15

20

Stryn

20

32

32

25

25

Fylket

367

414

523

358

515

79

Tomt felt betyr at kommunen ikkje har gjort vedtak

Ekspander/minimer faktaboks