Hopp til innhold

Her lagar dei skia sine sjølv

GLOPPEN (NRK): På Nordfjord folkehøgskule har elevane starta å lage sine eigne ski. Med god hjelp frå ein kyndig skiekspert er dei snart klare for å ta i bruk naturen i trivselsfylket.

Nordfjord folkehøgskule

SKIPRODUKSJON. Det er heimesnikra ski denne gjengen har på føtene når dei skal på tur denne vinteren. F.h. Erlend Thomassen, Kristi Nesse, Endre Fjeldheim Hovelsen, Rolf Valde Sletten og Håkon Mørkeseth.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Det er mykje kjekkare å lage skia sine frå botn av enn å kjøpe dei i sportsbutikken, seier Kirsti Nesse (18).

Kirsti Nesse
Foto: Kathrine Nygård / NRK
Nordfjord folkehøgskule

DESIGN. Dette er randonee-skia til Kirsti Nesse. Mønsteret er laga av trefinér.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ho går på aktivitetslinja på Nordfjord folkehøgskule og saman med ei gruppe på fem frå forskjellige linjer på skulen har dei denne veka fått lære å lage sine eigne ski.

– Eg lagar meg toppturski. Det kallast randonee-ski og er litt tynnare enn for eksempel ski ein brukar til å køyre i trekk, fortel Nesse.

Endre Fjeldheim Hovelsen (20) er elev på ski- og surfelinja og å gå på ski er ein stor lidenskap.

– Det er svært kjekt å lære seg å lage ski. Med rett hjelp og tolmod kan alle klare dette, fortel han.

Hovelsen har laga offpiste-ski som er berekna for trekk og nedoverkøyring. Han likar seg godt i skitrekket og meiner dette er god kunnskap å tileigne seg.

Friluftslivskulen har teke skisporten til eit nytt nivå. Her snekrar dei skia sjølv.

SJÅ VIDEO: Slik lagar elevane sine eigne ski.

Detaljert prosess

Nordfjord folkehøgskule

ENTUSIAST. Jens Egil Nyseter lever av å lage ski og å lære det vekk til andre.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Jens Egil Nyseter bur i Tromsø og lev av å lage ski. Denne veka er han i Nordfjord for å lære vekk kunsten sin til elevane. Han forklarar skibygging som ein detaljert prosess.

– Det er mykje detaljar og det krev konsentrasjon. Men med rett materiale og utstyr kan ein lage sine eigne ski på to dagar, fortel Nyseter.

Han elskar ski og blir aldri lei.

– Det er så mange forskjellige typar, modellar og stilar i skiverda. Det tek aldri slutt, seier han engasjert og viser fram eit skipar.

Når han og elevane lagar ski brukar dei treplater i poppel, polonia og ask. Etter mykje førearbeid med glasfiber og limblanding limer dei det på ein sole. Dei vakuumpakkar det og sliper til slik dei måtte ynskje. Forskjellige tjukkelsar og lengde til forskjellig bruk.

Nordfjord folkehøgskule
Foto: Kathrine Nygård / NRK

Nyseter legg til at noko av det kjekkaste med å drive på med dette er å kunne designe slik ein vil etter at sjølve skia er laga.

– Ein brukar tynne trefinérplater for å lime på skia i forskjellige fargar og fasongar, det er tøft.

Snart er elevane ferdig med skia sine og då blir det tur ut i naturen.

– Det er jo eit flott område her, så her skal dei få kose seg når dei er ferdig. Det kjekkaste er jo resultatet til slutt, når du har fiksa og knota og sit igjen med heilt unike ski.

Men bindingane lagar de ikkje sjølv?

– Nei, det får bli ein annan gong, flirer han.