NRK Meny
Normal

På denne skulen har elevar leika seg betre i matte

No kan alle ta i bruk læringsopplegga for fysisk aktivitet og læring som Vassenden skule har vore med på å utvikle.

Vassenden skule i Jølster har fysisk aktivitet

FEIRAR: Elevane ved Vassenden skule feira at læringsopplegget for fysisk læring, som blant anna har vore utvikla ved deira skule, er blitt tilgjengeleg for alle. Dei fekk 25.000 frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane til å bruke på meir aktiv læring i skulen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Der borte ligg det lappar, så vi må springe bort og finne svaret på oppgåva som står der, forklarer Anna Klævold Kjempenes.

Ho og resten av sjuandeklassingane ved Vassenden spring stafett. Men det er ikkje kroppsøving dei har, det er norskoppgåver som står på lappane.

Anna Klævold Kjempenes

TENKETID: Anna Klævold Kjempenes og resten av sjuandeklasse er blitt vande med å tenke medan dei spring.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ved føtene til Anna ved startlinja ligg arket med kryssordet dei skal løyse. Kvart ord skal fyllast inn, og dei byter på å springe for å finne løysinga.

– Det er eigentleg litt lettare når vi må springe imellom. For då får vi tid til å tenke!

Dei har vore med i Høgskulen på Vestlandet sitt forskingsprosjekt Active Smarter Kids (ASK) sidan 2014.

Men på Vassenden gav dei seg ikkje der, og i dag har alle elevar frå 1.–10. klasse ein halv time aktiv læring kvar dag dei ikkje har vanleg kroppsøving.

No ligg læringsopplegga Vassenden skule har fått vere med å utvikle ute for fri bruk for alle skular.

Elevar har aktiv læring

STAFETT: På Vassenden skule i Jølster har alle klassane fysisk aktiv læring som ein del av skulekvardagen. Her må elevane springe opp ein bakke for å finne oppgåva som ligg i boksen.

Foto: Sigrid Skjerdal

Vart betre i matte

– Det første resultatet vi ser er at den tredjedelen av elevane som har vore svakast i matematikk, har hatt stor framgang på nasjonale prøvar, fortel Øystein Lerum som er stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Øystein Lerum, Stipendiat Høgskulen på Vestlandet

STIPENDIAT: Øystein Lerum er ein av dei fire stipendiatane ved Høgskulen på Vestlandet som jobbar med å skrive artiklar om resultata frå forskinga dei gjorde i skuleåret 2014–2015.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Sidan 2014 har Høgskulen sett på sambandet mellom fysisk aktivitet, skuleprestasjonar, trivsel og helse på femteklassingar.

– Grunnmuren i prosjektet er at barn lærer på ulike måtar. Nokre barn lærer kanskje betre ved å vere ute og jobbe praktisk, til dømes gjennom mattebingo, stafettar og leikar, seier Lerum.

Dei har no opna databasen med læringsopplegg for blant anna matte, engelsk, naturfag, geografi og norsk.

– Forskinga er jo støtta av offentlege midlar. Dette er ein måte å gi tilbake til skuleverket.

Ungar på Vassenden skule

GIRA: Rektor ved Vassenden skule seier dei opplever at barna samarbeidet betre etter dei starta med ASK-prosjektet. Det kan vere utfordrande å legge kabalen for å få timeplanen til å gå opp, men at det går an å løyse om ein er fleksibel.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Positiv leik i skulegarden

Anne Cecilie Kapstad kan namna på dei fleste av ungane som spring rundt på fotballbana på Vassenden.

Ho er rektor på skulen, og ein av pådrivarane for å halde fram med aktiviteten sjølv etter ASK sitt forskingsprosjekt var ferdig.

– Eg trur det er viktig at elevane får bruke heile kroppen og ikkje berre sitte på pulten. Også lære gjennom fysisk aktivitet og kunst og handverk. Og ikkje minst så trur eg elevane får tømt litt av energilageret og kanskje sit litt meir i ro når dei først kjem inn på pulten, seier Kapstad.

Elevane som no går i sjuandeklasse har også laga sitt eige opplegg til databasen. Leiken «gangeball», der gongetabellen er ein viktig del av spelet.

– Vi ser når andre skular er på besøk at elevane er kjempestolte av det dei har laga. Eg har prøvd leiken sjølv også, og eg merkar at hjernen ikkje er vant til å halde på med tal samstundes som ein er aktiv!

Anne Cecilie kapstad

REKTOR: Anne Cecilie Kapstad tok imot 25.000 kroner til skulen frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som støttar ASK-prosjektet. Pengane fekk dei fordi dei har vore pionerar ved å innføre ASK-modellen på ungdomsskulen, og dei skal brukast på å halde fram arbeidet med fysisk aktivitet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.