NRK Meny
Normal

På Selje-skular blir surfing fast post på timeplanen

Ungdomsskuleelevar i kystkommunen blir dei første i landet som får surfe- og svømmeundervisning fast på timeplanen.

Surfing i symjetimen på stadtlandet

SPLEISELAG: Stadpipe, Ervik Havfiske, Lapoint Surfcamp, Stad Surfing, AS Fiskevegn, Paneda, Akka Surf, Dragebygg AS og O'neill Norge går inn med til saman rundt 100 000 kvart år for å betale for at ungdommane i Selje kommune skal få surfe- og symjeopplæring og lære seg å handtere havet.

Foto: Maja Engberg

Ti gonger om hausten og ti gonger om våren skal elevane frå Selje og Stadtlandet reise ut til Hoddevik for å lære å surfe.

Stadlandet ungdomsskule har allereie testa ut opplegget, då dei hadde eit pilotprosjekt med fem økter surfing i haust.

No får alle ungdomsskuleelevane i kommunen tilbodet fast dei neste tre åra, skriv initiativtakar og prosjektleiar Calle Magnusson i ei pressemelding.

Det er mange ulike sponsorar som går saman for å betale for undervisninga for ungdomsskuleelevane.

– Eg vil ha surfing på skulen så lenge det går. Den meistringskjensla surfing gir deg er berre heilt ubeskriveleg, seier Nikoline Gloppestad frå Ervik.

Slik gjekk det då vi møtte Nikoline i Hoddevik då dei testa surfing hausten 2016:

Åttandeklassingen Nikoline er ein av elevane som får symjeundervisninga på surfebrett i Stadhavet.

Populære symjetimar

Rektor på Stadlandet ungdomsskule fortel at dei berre fekk positiv respons frå elevane då dei sette surfing på timeplanen i haust.

– Det er mange elevar som tidlegare ikkje ville vere vatnet, men no er vande med og komfortable i surfebølgene. Det har vore utruleg positivt for alle, og kombinasjonen surfe- og symjeundervisning gjer det mogleg for oss å nå nye kompetansemål innan kroppsøving i skulen, seier Anita Hoddevik.

Også ordførar i Selje Kommune ser på prosjektet som viktig for kommunen.

– Surfing i skulen gjev elevane ein positiv naturoppleving og ein autentisk opplæring i å handtere havet, seier Sten Robert Osdal.

Viktig med kunnskap om havet

Elevane som bur lengst vest i landet er vande til å sjå havet. For at ungdommane og barna skal vere trygge er likevel mykje dei å lære om korleis havet oppfører seg, meiner prosjektleiar Calle Magnusson.

– For alle ungdommar som bur ved kysten er det ekstremt viktig å få kunnskap om korleis ein handterer bølger, havstraumar og ulike tilhøve i havet. Det er kunnskap som i visse tilfelle kan redde liv, poengterer surfaren.

Han skal undervise ungdommane saman med to instruktørar frå Lapoint Surfcamp.

– Og så er det jo fantastisk kult for ungdommane å få surfe i skuletida, legg Magnusson til.

Vegopning på Bergum i Førde kommune