På denne fabrikken kan heile makrellen utnyttast til menneskemat

MÅLØY (NRK): No kan heile makrellen – med hovud og hale – brukast til menneskemat. Ein nyopna fabrikk i Vågsøy utnyttar makrellavskjeret på nye måtar.

Rune Gangsøy, fabrikksjef Pelagia Måløy Helse

MENNESKEFØDE: Her blir det produsert fiskemjøl og olje til humant konsum, seier fabrikksjef Rune Gangsøy ved fabrikken Pelagia Måløy Helse.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– No er vi komme i ein ny divisjon i sildeoljenæringa. Her blir det produsert fiskemjøl og olje til mennesker, seier fabrikksjef Rune Gangsøy ved fabrikken Pelagia Måløy Helse.

90 millionar kroner er investert i fabrikken, som denne veka skal vere i full drift. Det var Fiskeribladet som først omtala saka.

– Tanken bak er at vi skal utnytte 100 prosent av råstoffet. Vi bruker avskjeret til høgkvalitetsolje og til å lage proteinpulver til menneskemat og dyrefôr, fortel COO FOOD i Pelagia, Magnus Strand.

Ein del av oljen vil også bli sendt til Pelagia-avdelinga Epax i Ålesund, som raffinerer den vidare.

Testa i fleire år

Den nye fabrikken ligg like ved Pelagia sin sildeoljefabrikk i Måløy, i eit renovert lagerbygg for pelagisk fisk. Ifølgje Strand er fabrikken i Måløy den første i sitt slag i verda som kan bruke heile makrellen til menneskemat. Tradisjonelt har makrellavskjer blitt brukt til olje og mjøl til laksefôr.

– Vi har hatt eit pilotanlegg i Selje og testa dette ut over fleire år, fortel Strand.

I dag blir ein svært låg prosentdel av makrellen filetert i Noreg. Håpet er å auke filetproduksjon og slik også få tilgang på meir filetavskjer – og med det råstoff til dei nye produkta.

– Kor vidt vi greier å gjere dette lønnsamt er for tidleg å seie, seier Strand.

Pelagia har utvikla anlegget sitt i Selje til å bli ein leverandør til fabrikken Måløy, fortel Gangsøy.

Olje av makrellavskjer

OLJE FRÅ MAKRELLAVSKJER: Oljen som no skal produsert i Måløy kjem frå restråstoff frå filetproduksjon ved Pelagia sitt anlegg i Selje.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Der fileterer dei frosen makrell og kan halde på med det heile året, då snakkar vi ikkje lenger om sesongar, men at vi kan halde på med det heile tida, seier Gangsøy.

Har forska på oljen

Møreforsking og Sintef Ocean har forska på kvaliteten til råolje som er produsert av filetavskjer av makrell. Forskingsleiar Margareth Kjerstad ved Møreforsking seier oljen viser seg å ha god og stabil kvalitet. Oljen blei i forsøket lagra i 21 månader for å teste haldbarheit.

– Oljen er godt eigna til human bruk både når det gjeld feittsyresamansetjing og kvalitet, seier Kjerstad

Fiskeri – og havbruksnæringas forskningsfinanisering (FHF) samarbeider med næringsbedriftene, forskingsmiljø, teknologibedrifter og verkemiddelapparatet om satsinga «det pelagiske løftet», der eitt av måla er å nytte meir av restane frå råstoffet og foredle det til produkt for menneske.

Fagsjef Lars R. Lovund i FHF meiner det ligg eit stort uutnytta potensial i restane av råstoffet.

– Makrell blir rekna som kongen i Atlanterhavet når det gjeld Omega 3. Den ressursen har ein ikkje fullt ut utnytta i Noreg, fordi alt går til eksport og fordi nordmenn ikkje et så mykje makrell, seier Lovund.

Bransjen har samarbeidd om satsinga på å bruke restane til menneskemat, med Pelagia i front, fortel han.

– Alt i alt har det gjort at ein kome så langt at ein har fått den nye fabrikken i Måløy, fått ny fileteringsfabrikk i Selje og at ein no jobbar parallelt med få ut siste beina i fileten automatisk. Då har ein moglegheit til å lage eit forbrukarprodukt – og samstundes ta vare på verdiane i restane frå råstoffet, seier han.