Hopp til innhold

På anbod i oktober

I februar får den nye kommuneskipnaden i Sogn vite sikkert om det vert tre heilårsferjer på Hella–Vangsnes–Dragsvik frå 2020. I løpet av oktober vert ferjesambanda i Indre Sogn lyst ut på anbod, skriv Sogn Avis. Anders Sætenes, som er seksjonsleiar ved ferje- og forvaltningsseksjonen i region Vest, seier dei lyser ut eit delt anbod, eit som går på forlenga sommarløysing, og eit med heilårsdrift basert på tre ferjer.