NRK Meny
Normal

P3-Ronny vart kåra til årets programleiar

Radioprofilen frå Førde stakk av med den gjæve prisen saman med kollega Silje Reiten Nordnes frå NRK P3. Men det stoppa ikkje der...

Årets programleiarar på radio

TIL TOPPS: Ronny Brede Aase og Silje Reiten Nordnes i P3morgen strålar etter å ha blitt kåra til årets programleiarar under bransjetreffet i Oslo i går.

Foto: Lasse Mørkhagen / NRK

I går kveld var det duka for Prix Radio, som er årets høgdepunkt for radiobransjen.

I alt sytten prisar skulle delast ut. Ronny Brede Aase og kollegaene i P3morgon henta heim to av dei: «Årets programleiarteam» og «Årets morgonflate».

Førdianaren seier det vart ein durabeleg fest utover kvelden og natta. Kanalen han jobbar for hanka nemleg inn heile åtte av dei sytten prisane.

– Det vart storeslem for P3. Så det var berre ein gjeng lykkelege kollegaer som sosa rundt i festlokala og var over seg av begeistring. Viss ein då legg til at det òg var bursdagen min, så vart det ein ganske bra dag, vil eg seie, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årets programleiarar

UVENTA: – Når vi vart ropt opp, så vart både eg og Silje veldig skjelvne. Eg hadde faktisk ikkje forventa det i det heile tatt, seier Brede Aase.

Foto: Lasse Mørkhagen / NRK

Kåringa kom heilt uventa

Brede Aase seier han er oppriktig overraska over prisane dei fekk.

– Når vi vart ropt opp som årets programleiarar, så vart både eg og Silje veldig skjelvne. Eg hadde faktisk ikkje forventa det i det heile tatt, seier han.

Det er ikkje første gong at radioprofilen hentar heim gjeve bransjeprisar.

Likevel tykkjer han det er like kjekt kvar gong.

– Ja, sjølvsagt er det det. For det er jo ei ny samansetning og ein ny gjeng som er nominert i år. Det er utruleg stas å bli sett pris på av resten av bransjen og at ein fagjury har valt oss.

– Nøkkelen er å trivast på jobb

I 2011 vart han òg kåra til årets programleiar, den gong saman med Live Nelvik. I år var det i tospann med Silje Reiten Nordnes.

– Kva er det som gjer dykk til eit så godt team, trur du?

– Eg trur det er at vi tykkjer det er oppriktig kjekt å jobbe saman. Det dannar grunnlaget for det vi driv med kvar dag. Eg står opp klokka fem kvar dag, og synst det er litt tungt. Men i det eg kjem på jobb, så møter eg kollegaer som eg synst det er skikkeleg stas å komme på jobb til og lage radio med. Då blir alt så mykje enklare, seier han.

Årets morgonfuglar på radio

ÅRETS MORGONFUGLAR: Ronny Brede Aase og resten av gjengen i P3morgen tek imot beviset på at dei er kåra til det best morgonprogrammet på radio.

Foto: Lasse Mørkhagen / NRK