Hopp til innhold

P3-Ronny ut av Egypt

P3-programleiar Ronny Brede Aase reiste frå Egypt i går. I dag vakna han til overskrifter om portforbod og krigskøyrety i feriebyen han nettopp forlot.

Ronny Brede Aase i Egypt

TILBAKE: P3-programleiar Ronny Brede Aase er tilbake frå Egypt, rett før uroa inntok Sharm el-Sheikh.

Foto: Vilde Batzer / NRK

Uroa brer seg i Egypt. I dag inntok militære styrkar feriebyen Sharm el-Sheikh. Der har mange nordmenn feriert. No blir dei kalla heim.

P3-programleiar Ronny Brede Aase frå Førde har vore på jobb der den siste veka. Han reiste heim laurdag ettermiddag. Og vakna til krigsoverskrifter frå byen han nettopp forlot.

Militære styrkar

– I dag vakna eg, etter å ha vore i Norge i 8-9 timar, til overskrifter om at Apollo har sendt ut varsel til reisande om at ein må oppretthalde portforbod også i Sharm el-Sheikh. For militære køyrety har kome inn i byen, og butikkar må stengje på grunn av uroa.

  • LES OGSÅ:

Men sjølv merka han lite til uroa medan han var der.

Engstelege servitørar

– Einaste måten vi fekk merka uroa i landet på, var at internett var nede på fredag.

– Og så merka vi at servitørane som jobba på hotellet var litt engstelege og nervøse. Dei er sesongarbeidarar som gjerne kjem frå Kairo.

Han fortel at byen er bygd opp rundt turisme, og at det er få fastbuande der.

Skjerma frå uroa

– Sharm el-Sheikh er heilt avhengig av turisnæringa. Difor gjorde dei som jobba der sitt ytterste for å skjerme oss, trur eg.

Brede Aase var i Sharm el-Sheikh saman med sine kollegaer i P3Morgen. Dei har hatt direktesendingar frå feriebyen denne veka.

Dei har skreve om sine opplevingar på bloggen sin: P3Morgen

– Kva tenkte du då du såg at uroa hadde innteke byen du nettopp hadde vore i?

– Eg tenkte kor heldige vi var som ikkje vart råka av dette på noko måte, seier Brede Aase.

P3Morgen i Egypt

SENDING: P3Morgen sitt provisoriske studio under opphaldet i Sharm el-Sheikh i Egypt.

Foto: Vilde Batzer / NRK