Hopp til innhold

P3-Ronny kåra til årets DJ

NRK P3-profil Ronny Brede Aase vart fredag kveld kåra til årets radio-DJ i Norge.

Ronny Brede Aase

POPULÆR: Ronny Brede Aase.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Heilt sjukt! Alle dei nominerte er folk eg diggar å høyre på. Dette er utruleg, utruleg stas, seier ein glad Aase til NRK.

Morgonvert

Han tok imot utmerkinga under Prix Radio, ein årleg prisfest for alle som jobbar i og med radio i Norge, som gjekk av stabelen under Radiodager 2010 på Thon Ullevaal hotell i Oslo fredag kveld.

23 år gamle Ronny Brede Aase er oppvaksen i Førde og har på få år blitt ein markant profil i NRK sin ungdomskanal. Det siste året har han leia P3-morgen saman med makker Line Nelvik. Dei to var også programleiarar på TV under VG-lista Topp 20 frå Rådhusplassen i Oslo i sommar.

– Hyggjeleg å bli sett pris på

I 2009 vann Aase Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

– For karrieren betyr dette kanskje ikkje så mykje, men det er hyggjeleg å bli sett pris på for jobben ein gjer, seier Ronny Brede Aase etter prisutdelinga fredag kveld.

Desse var nominerte til årets DJ:

  • Christer Dahl, NRJ
  • Ronny Brede Aase, P3
  • Stian Eliassen, P3
  • Krokens Ettermiddag, Radio Norge
  • Kveldsshowet, P4

Juryen skriv følgjande om kriteria for prisen:

«Kategorien forutsetter en studiovert som underholder lytteren i en sending hovedsakelig basert på musikk. Årets DJ vurderes på stemmebruk, flyt i sendingen, tempo, lydbilde, evnen til å vise personlighet i sendingen og underholdningsverdi.»