Hopp til innhold

Her blir Øyvind den nye norske kongen på 400 meter hekk

Atle McAdam har vore den store hekkeløparen i Norge dei siste åra. Fredag måtte han abdisere til fordel for Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tek NM-gull

GULL: Øyvind Strømmen Kjerpeset klinka til med sitt første NM-gull på Byrkjelo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ein tydeleg tent og motivert Øyvind Strømmen Kjerpeset dundra inn til NM-gull på 400 meter hekk på Byrkjelo.

- Det er veldig kjekt å ta gull, og spesielt heimebane - på ein slik dag og med så mange på triunen, seier Strømmen Kjerpeset.

Hadde god kontroll

Han har i mange år vore eitt av dei aller største friidrettstalenta i Sogn og Fjordane, og har fleire sterke prestasjonar i internasjonale meisterskap bak seg på merittlista.

Og: Fredag kunne Florø-løparen endeleg ta steget heilt til topps i NM.

Med 52,78 hadde han god kontroll på dei nærmaste konkurrentane. Marius Bakken Støle frå Sandnes tok sølvet på 53,08, medan norgesrekordhaldar Atle McAdam tok bronsen.

- Nøgd med å slå rekordhaldaren

No tyder alt på at det har skjedd eit tronskifte på 400 meter hekk. For eitt år sidan tok Strømmen Kjerpeset bronse og var skuffa i NM - no kan han vere på toppen for å bli...

- Det var veldig kjekt å slå McAdam. Han har ikkje vore veldig seriøs dei siste åra, men han står med rekorden og spring framleis fort. Så eg er nøgd med å slå han, seier løpartalentet.

LES OGSÅ: Forsvarte NM-gullet frå i fjor

LES OGSÅ: Kjerpeset ute av VM

Skal springe endå raskare...

Under gull-løpet på Byrkjelo tok Strømmen Kjerpeset det litt roleg ut frå start. Men ut på den siste langsida var sprintaren heilt rå.

- Det er mogleg er var litt defensiv, men eg hadde mykje igjen på slutten. Med litt meir finpuss, trur eg at eg kan springe veldig fort snart, seier han.

Allereie søndag flyttar Strømmen Kjerpeset frå Florø og til Oslo. Der ønskjer han å finne seg eit skikkeleg treningsmiljø. Målet er å halde fram satsinga for moderklubben.