Hopp til innhold

Øyvind (21) innfridde forventningane

Med tida 21.10 på 200 meter tok Øyvind Strømmen Kjerpeset NM-gull på 200 meter søndag ettermiddag. Florøværingen var førehandsfavoritt og innfridde.

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

NYTT GULL: I går tok 21-åringen gull på 400 meter hekk, i dag tok han eit nytt gull på 200 meter.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Med Jaysuma Saidy Ndure ute med skade, måtte 21-åringen tole å vere gullfavoritt på distansen under årets NM i Tønsberg.

Det tolte han fint og då finalen gjekk like før klokka 14 var det ein råsterk Kjerpeset som sprang inn til gull.

Sist helg sette han personleg rekord på distansen med tida 20,98. Kjerpeset sa til NRK.no før løpet at han håpa på ei tid ned på 20-talet, men i finalen vart det altså med 21.10.

Kjerpeset har allereie eit gull etter sigeren på 400 meter hekk laurdag, der han også sette meisterskapsrekord på distansen.