NRK Meny
Normal

Ferja fekk trøbbel - sette inn passasjerbåt

Ferjesambandet Rysjedalsvika – Krakhella – Rutledal var laurdag stengd i fleire timar fordi ferja MF Nordfjord fekk store tekniske problem. Ventande på Krakhella blei henta med passasjerbåt.

MF Nordfjord

UTE AV DRIFT: MF Nordfjord har fått tekniske vanskar, og er ute av drift.

Foto: arkiv

Fjord1 opplyste til NRK laurdag at bilferja hadde fått trøbbel med kjølepumpa, og at ferja dermed ikkje kunne leggje til kai.

– Vi må truleg montere ei ny pumpe, og det får vi ikkje gjort før tidlegast sundag, opplyser vakthavande ved Fjord1 i Florø til NRK.

Men ved 19.15-tida så hadde dei fått orden på sysakene, og MF Nordfjord er igjen sett inn i rutedrift.

Sette inn skyssbåt

Ifølgje reiarlaget venta ein del bilar og passasjerar på å bli frakta frå Krakhella i Solund og inn til fastlandet.

Dette blei først løyst ved at ein av skyssbåtane til Vidar Hop blei sett inn i rute mellom Krakhella og Rysjedalsvika.

– Det står visst ein del bilar og folk og ventar nede på kaia framleis, fortalde ein av naboane til ferjekaia på Krakhella til NRK laurdag kveld.

Fjord1 melder no at ferja vil avvike frå dei vanlege rutetidene ei stund, men vonaleg vil ein raskt kome inn att på å følgje dei oppsette tidene.

Kaia råka av brann

Det er berre nokre få dagar sidan sist sambandet var ute av drift. Men då var årsaka brann i eit maskinskur på Krakhella. Dermed er øykommunen på nytt isolert, iallefall om ein må ha med bilen over til fastlandet.

Audun Borlaug, prosjektleiar for vedlikehaldet av ferjekaiene hos Statens vegvesen sa til NRK då at beredskapsaggregatet vil stå til heishuset er bygt opp att.

Dyrt med nytt aggregat

– Eg reknar med at entreprenøren vil kaste seg rundt om den får oppdraget, og då går det fort eitt par månader. Det må byggast nytt hus, ein må skaffe til veges nytt aggregat, styrereiskap og det elektriske, sa han.

– Kor mykje verdiar reknar de med gjekk tapt i brannen?

– Eit nytt aggregat kostar kring 600.000 kroner, så vi snakkar truleg om nærare 800.000 kroner med alt.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå