Hopp til innhold

Øykommunane vil halde fram åleine

Små øykommunar fryktar kommunereforma vil føre til folketomme bygder og dårlegare kontroll over utviklinga av lokalsamfunnet.

Indrevær i Solund

LITE FOLK: Det bur allereie få menneske på øysamfunna i Solund kommune. Både folk, politikarar og næringsliv i 10 øykommunar fryktar kommunereforma vil redusere talet på ytterlegare.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Både innbyggjarar og kommunale elitar fryktar ei sentralisering og starten på ei avfolking. Dei hugsar tilbake til 60-talet og det som skjedde då, seier forskar Svein Frisvoll.

Den siste store bølgja med kommunesamanslåingar skjedde på 1960-talet, etter Schei-komiteen sitt arbeid. No står den første store kommunereforma sidan den gongen for tur, og på oppdrag frå Stortinget har Frisvoll og kollegaane undersøkt korleis ti norske øykommunar stiller seg til kommunesamanslåing.

Ole Gunnar Krakhellen

SOLUND-ORDFØRAR: Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Både innbyggjarar, politikarar og næringsliv i Fedje, Hasvik, Kvitsøy, Leka, Røst, Smøla, Solund, Træna, Værøy og Utsira har sagt si meining. Korkje politisk eller administrativ leiing, næringsliv eller lokalbefolkninga ønsker samanslåingar.

– Det vil føre til rasjonalisering av administrasjon. Det betyr avstand til tenester og færre arbeidsplassar, som kan føre til ein spiral som går nedover når det gjeld folketal, seier ordførar i Solund, Ole Gunnar Krakhellen (H).

Nøgde med tenestene

Svein Frisvoll

FORSKAR: Svein Frisvoll.

Og han veit kva han snakkar om. I Solund var det 1655 innbyggjarar i 1961. 1. januar i år var det 800. Dommen frå innbyggjarane er tydeleg: 60 prosent stå åleine, berre 28 prosent ønsker samanslåing.

Innbyggjarane i øykommunane er svært nøgde med tilbodet dei får i dag.

– Ei stor overvekt er nøgde eller svært nøgde med heimehjelp, omsorgstenester, fastlege, legevakt, barnehagetilbod, skular og SFO. Fleirtalet trur nye, større kommunar vil løyse oppgåvene dårlegare, seier Frisvoll

Redd folk flyttar med jobbar som forsvinn

Avstandar er eit nøkkelord for øykommunane.

– Dei er i liten grad del av ein felles arbeidsmarknad. Dersom dei mistar kommuneadministrasjonen, som ofte gjer at dei kan tilby to jobbar, står eit svekka samfunn tilbake, seier Frisvoll.

Ordføraren i Solund er redd folk flyttar med jobben.

– Dersom administrasjon eller tenester blir flytta er det lite aktuelt for folk å følgje arbeidsplassen til fastlandet og framleis bu i Solund. Vi treng breidda i arbeidsmarknaden, seier Krakhellen, som likevel understrekar at Solund vil halde fram utgreiingane om samanslåing.

For få til å bestemme over eiga utvikling?

Mange øykommunar er redde for å miste kontroll over utviklinga av lokalsamfunnet etter samanslåingar. Nokre stader blir dei ein utkant i ein utkant.

– Større kommunar kan styrke næringslivet. Men ei samanslåing med meir folkerike kommunar kan gjere at dei ikkje å få sine problemstillingar på den politiske dagsordenen, seier Frisvoll.