NRK Meny
Normal

Øydelagd steinkross til Økokrim

Den øydelagde steinkrossen i Gulen blir ei sak for Økokrim. I april skulle det fellast nokre tre for å verne om steinkrossen, men ved ein feil vart krossen delt i to.

Krossen i Eivindvik

KELTISK: Krossen var 2,85 meter høg og segna seier at krossen vart reist av Olav den heilage i 1023. Kulturminnet ved det gamle Gulatinget vart delt i to då ei grein datt ned på krossen i arbeidet med å sage ned eit tre.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Politibetjent Roar Brudevoll seier dei vil be Økokrim om hjelp.

– Det er ei spesiell sak, og sjølv om Hordaland politidistrikt er eit av dei største i landet, har vi ikkje mange slike saker.

Kven hadde ansvaret?

Den tragikomiske historia om den øydelagde steinkrossen i Gulen starta med at kyrkjelege fellesråd gav det lokale skyttarlaget i oppdrag å felle nokre tre. Tanken var å hindre at den nesten tusen år gamle krossen vart øydelagd. Fire personar stilte opp på dugnad medan inntektene skulle gå til skyttarlaget.

Men ved ein feil fall ei grein ned på steinkrossen og den knakk i to.

– Etter kulturminnelova er det i utgangspunktet eit straffeansvar for å gjere skade, seier Brudevoll.

Men det springande punktet som Økokrim kjem til å måtte hjelpe til med er; kven hadde ansvaret, den som hogg eller den som gav oppdraget?

– Det er eit godt spørsmål og eit av dei vi må få avgjort før vi før ein slutt på saka.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Krossen gjekk i to

DELEN SOM DATT AV: Det blir vanskeleg å sette den øvste delen på att utan at skaden blir synleg.

Foto: Nyhetsspiller

Vil ta fleire månader

Kyrkjeverje Trude Brosvik vil ikkje kommentere saka fordi den er under politietterforsking. Det vil heller ikkje styremedlem i Gula Skyttarlag, Roar Elnes, som var med på trefellinga. Politiet seier dei ventar på ein rapport frå riksantikvaren før Økokrim blir kopla inn.

– Eg trur det vil gå nokre månader til før saka er endeleg avgjort, seier Brudevoll.

Ventar på Kriposrapport om runestein

Også i Sogndal ser politiet på ei sak der eit kulturminne blei øydelagd. Politiet ventar no på ein rapport frå Kripos før dei konkluderer i saka om den øydelagde runesteinen i Sogndal. I vinter vart det dumpa snø på ein 1500 år gamal runestein på Stedje. Dermed knakk steinen i to.

Politiet har gjort ei mengde avhøyr og ventar på resultatet av ei undersøking frå Kripos.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser