Hopp til innhold

Her passerte 1000 bilar på få timar

Etter stenginga av riksveg fem mellom Naustdal og Førde valde kring 1000 bilar ein omkøyringsveg berekna for 40 bilar i døgnet. No er vegen stengd og øydelagd.

Vidar Heggheim

FORTVILAR: Styremedlem i veglaget for Espevegen, Vidar Heggheim, fortvilar over tilstanden etter at 1000 bilar brukte den som omkøyringsveg.

– Vegen er ikkje dimensjonert for å vere ein omkøyringsveg for stengd riksveg. Den er smal, og det vert kaos. Til slutt vart vegen fysisk stengd, fortvilar styremedlem i Espevegen Veglag, Vidar Heggheim.

Stengt veg

STENGD VEG: Vegen over Hesjedalen er stengd med skilt og kjegler.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Steinraset og stenginga av riksveg 5 i går gjorde sitt til at nær 1000 bilistar valde ein omkøyringsveg frå Hesjedalen i Førde til Åsedalen i Naustdal kommune.

– Vegen er gjørmete og vanskeleg å køyre på. Med høge temperaturar og regn vert det verre og verre utover dagen. Vegen er stengd med skilt og kjegler for at den ikkje skal øydeleggast vidare, fortel Heggheim.

Les også: Riksveg fem mellom Førde og Naustdal stengd etter steinras

Står att med rekninga

Det er fleire ulike eigarforhold tilknytt omkøyringsvegen. Naustdal kommune, Førde kommune, Sunnfjord Miljøverk og Espevegen Veglag eig kvar sin del av vegen. Veglaget sin veg er av grus, og har difor fått store skadar.

– Vår del av vegen er privat med tilknyting til kommunal veg i Naustdal og Førde. Vi var 15 grunneigarar som søkte om eit løyve med ei passering for 40 bilar i døgnet. Det er bruksløyvet vi har for denne vegen, fortel Heggheim.

Den private grusvegen tolte ikkje ei passering av 1000 bilar på få timar, og må difor rustast opp.

– Tilstanden til vår del av vegen vil bety ei utgift på kring 20.000 kr til grusing, seier ein opprørt Heggheim.

Dårleg veg

ØYDELAGD VEG: Espevegen Veglag reknar med ei utgift på over 20.000 kr til ny grus.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Les også: Var blant dei første på rasstaden

Etterlyser fleire ansvarlege

Heggheim og veglaget etterlyser ei løysing på ansvarsfordelinga, der dei som private grunneigarar ikkje må stå att med ansvaret og rekninga.

– Det er ikkje rett at vi skal sitte åleine med kostnader for å sette vegen i stand igjen. Vi etterlyser ein plan frå styresmaktene for korleis dette skal handterast når det skjer att.

Vegen kan godt brukast som omkøyringsveg ved stenging av riksvegen, men ein plan må på plass, og vegen må rustast opp, meiner Heggheim.

– Med fornuftig bruk kan den brukast som omkøyringsveg, men då må ein ha styring og ein plan over dirigering og tal på bilar på vegen.

Vidar Heggheim

FLEIRE ANSVARLEGE: Vidar Heggheim, styremedlem i Espevegen Veglag, vil at ansvaret skal fordelast på fleire.

Foto: Solveig Svarstad

Les også: Vegvesenet har ikkje pengar til rassikring

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden

– BØR BETALE BOMPENGANE: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ikkje «offisiell» omkøyringsveg

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier at dei vil ta kontakt med veglaget for å diskutere slike ting.

– Det er heldig at det faktisk er mogeleg å køyre om på denne vegen, men det er uheldig at vegen blir så hardt belasta.

Finden seier at vegvesenet ikkje har informert om Espevegen som omkøyringsveg.

– Men vi veit at det er mange lokale som kjenner til vegen, så vi veit at han blir brukt.

Vidar Heggheim meiner at mindre enn 20 prosent av dei som har køyrt der siste døgnet har lagt att pengar i bomkassa. Finden kan ikkje love at Statens vegvesenet skal dekke tapet.

– Eg vil ikkje gå inn på det akkurat no, men på generell basis vil eg oppmode dei som brukar vegen om at dei faktisk betalar bompengane på ein slik privat veg.