Hopp til innhold

Dagmar øydela for 144,5 millionar kroner på vegane

Berre i Sogn og Fjordane gjorde uvêret Dagmar skadar for 144,5 millionar kroner. Det vil ta tid å få alt på stell. Det merkar bilistane rundt om i fylket godt.

Video Vegar er øydelagde mange månader etter Dagmar

Vegar er øydelagde mange månader etter Dagmar

Framleis merkast det på vegane rundt om i Sogn og Fjordane at Dagmar var på vitjing i romjula. Også på E39, hovudferdselsåra gjennom fylket, går det seinare. Sjølv om det er to månader sidan stormane rasa.

– Eg tykkjer det tek litt lang tid før dei får ordna det. Det er trass alt E39 dette her, seier sjåfør i Firda billag, Jan Kåre Clementsen.

Mest skadar i Nordfjord

Men utfordringane står i kø i heile Sogn og Fjordane. Vegar som er vaska vekk eller rast ut er kvardagen for mange fleire stader i fylket.

Ei utrekning gjort av Statens vegvesen syner at skadeomfanget og opprydding på riksvegane i fylket kjem på 26,6 millionar kroner.
Skadar og opprydding på fylkesvegane utgjer 117,9 millionar kroner.

Ikkje overraskande er dei største skadane lokaliserte til Nordfjord. Heile 67,4 millionar kroner øydela Dagmar for på vegnettet der.

Manglar ein svær bit

– Slik har det vore i to månader, så får vi sjå kor lang tid det går før dei får fiksa det, seier Clementsen, og manøvrerer bussen forbi det svære holet som er i E39 ved Sunde like utanfor Førde.

Her tek ein til med vegarbeid onsdag for å få utbetra skadane.

På Leikanger manglar ein god jafs av riksveg 55. Her kan ikkje Vegvesenet lova opprydding før det vert haust. Det er mykje papirarbeid som skal gjerast før ein kjem så langt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesveg 55 Leikanger

MANGLAR EIN BIL: Her på riksveg 55 på Leikanger tok uveret Dagmar ein jafs av vegen. Å fikse dette holet vil koste fem millionar kroner, og det bli tidlegast vere ferdig til hausten.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kunne vore gjort raskt, men dårleg

– Me håpar at i løpet av vårparten så må anboda vere klare. Og så håpar vi at entreprenørar vil melda seg og gje pris på dette, og så blir det vel kontrakt i løpet av sommarferien, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Han legg til at då vert det bygging i løpet av sommaren og hausten.

Dermed vil det ha gått åtte-ni månader sidan Dagmar vaska vegen vekk.

– Vi kunne gjort det raskare slik som her. Vi kunne lagt opp ein gråsteinsmur i full fart. Men då ville vi vore oppe att i same problemet med utvasking dersom det kjem ein ny storm om nokre år, seier Slinde.

Og presiserer at når ein fyrst skal reparera så skal ein gjera det skikkeleg.

(Artikkelen held fram under kartet)

Her var Dagmar

HER VAR HO: Kartet syner skadar som Dagmar gjorde i fylket vårt.

Foto: Statens vegvesen / Grafikk

Fylkesordførar trur på meir pengar

Totalt øydela Dagmar for 225 millionar kroner på vegane på heile Vestlandet.

– Det er heilt enormt, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap).
Ho vil ikkje meine noko om kor lang tid dette vil ta dersom det ikkje kjem ekstra løyvingar frå staten.

– Eg ventar at staten kjem med ekstra pengar. Det har fleire ministrar allereie sagt at dei vil gjere, seier Kjelsnes.