Øving stengjer Lærdalstunnelen

Søndag blir den 24,5 km lange Lærdalstunnelen på E16 heilt stengd mellom kl. 7 og 10. Årsaka er ei brannøving der naudetatar, Vegvesenet og Mesta deltek. Brannvernsleiar Christopher Ebbang i Vegvesenet seier dette er ein viktig del av beredskapen.

Røymaskin i tunnel i samband med øving.
Foto: Statens vegvesemn