Hopp til innhold

Er overvelda over tilbakemeldingane på "Søsken til evig tid"

Filmskapar Frode Fimland er rørt og overvelda over responsen han har fått på dokumentarfilmen «Søsken til evig tid». Historia om søsnekparet frå Naustdal treffer folk midt i hjarta.

En av trailerene til Søsken til evig tid.

TRAILER: Ein smakebit av dokumentaren 'Søsken til evig tid'.

– Laurdag var det den andre offentlege framsyninga av filmen, då han vart synt under Bergen internasjonale filmfestival. Det var stort, seier Fimland til NRK.no.

Filmen handlar om søskenparet Magnar og Oddny Kleiva, som driv gard i Naustedalen på gamlemåten.

– Det var ei kjempefin oppleving i går, i møte med eit festivalpublikum som kanskje ermeir kritiske enn vanlege publikummarar, seier Fimland.

Er rørt over engasjementet

Filmen er nominert i konkurransen om beste dokumentarfilm i Bergen internasjonale filmfestival. Juryen sin dom er først klar tysdag.

Filmen har allereie hatt førpremiere i Naustdal. I kveld er det førpremiere i Førde, og så går det slag i slag på kinoar rundt om heile landet når filmen har premiere 1. november.

– Eg er rørt over engasjementet som er rundt filmen, og det er vi takksame for. Det er veldig artig å få vere med på noko slikt, seier filmskapar Fimland.

Dette er første gongen han lagar ein film som endar som kinofilm, noko som skil seg mykje frå det han til vanleg har jobba mest med, nemleg TV-dokumentarar.

– Ein når ut til publikum på ein heilt annan måte. Det vert ein direktekontakt med publikum og eit heilt anna visuelt uttrykk, seier Fimland.

Er spente på besøkstala

Han er spent på korleis filmen vert motteken når han har premiere på mange kinoar 1. november.

– Det er klart vi er spente på besøkstala, vi har jo ikkje noko røynsle frå dette tidlegare, seier Fimland.

Men allereie er etterspurnaden etter når og kor filmen skal gå, enorm på facebooksida til prosjektet.

– Det er utruleg, vi gjekk frå 1500 likarar til 9000 etter innslaget på Dagsrevyen. Responsen er enorm. Folk i bransjen ønskjer no å høyre kva vi har gjort for å nå ut, seier Fimland.

Førpremiere i Førde i kveld

Hovudpersonane sjølve tek ståheien med stor ro.

– Der går livet som normalt. Etter førpremieren var bestestova meir pynta, av blomar og gåver, men søskena var i fjøsen som vanleg klokka 19, seier Fimland.

Han kjem eins ærend frå Bergen i ettermiddag for å vere med på førpremieren i Førdehuset. Dit kjem også søskenparet Kleiva.

– Vi gler oss. Det vert kjekt. Det er noko spesielt med å lage ein dokumentar frå heimkommunen. Dette er noko eg har levd med i mange år, og ei utruleg nær og ekte historie, seier Fimland.