NRK Meny
Normal

Overvelda over givarglede etter husbrann

Onsdag miste familien på sju alt dei eigde i ein husbrann i Eikefjorden.

Branntomt i Eikefjorden

HUSBRANN: Berre grunnmurane står igjen av huset til familien på sju etter brannen.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Etter brannen har bygda slått ring rundt familien og gjer alt dei kan for å hjelpe dei attende til ein så normal kvardag som råd.

– Telefonen har nesten ikkje stått stille. Det ringer og tikkar inn meldingar til alle tider på døgeret frå folk som vil hjelpe, fortel Berit Randi Alden-Håøy.

Som venn av familien har ho tatt på seg å koordinere dei mange innsamlingsaksjonane som spontant vart starta opp etter brannen. No har aksjonen eiga Facebook-side, og det er også mogleg å gi pengestøtte til familien via Vipps.

Nytt husvære

Sundag skal familien sjå på eitt nytt husvære som dei kan flytte inn i mellombels.

– Vi har sagt at når dei finn eit hus som er eigna, så skal vi ordne resten med innflytting. Det skal dei sleppe å tenke på, seier Alden-Håøy.

Berit Randi Alden-Håøy

INNSAMLING: Berit Randi Alden-Håøy koordinerer innsamlinga til familien.

Foto: Privat

Allereie no har dei fått tilbod om så mykje møblar og utstyr at dei langt på veg kan innreie eit hus.

– Responsen har vore heilt overveldande. Folk er så gåvmilde og flinke til å stille opp at eg har ikkje ord for det, seier Alden-Håøy.

I tillegg er det mange som også har tatt kontakt og vil levere klede og leiker til borna.

Miste alt

Onsdag ettermiddag brann det 300 år gamle huset til familien på sju ned til grunnen. Heldigvis vart ingen skadde i brannen, men familien miste alt dei eigde.

– Det er mykje som skal til i eit hus. Nok av det som er verst å miste i ein slik situasjon er kanskje alle bileta og minna, seier Alden-Håøy.

Ho seier dei no er i gang med å samle inn bilete av familien slik at dei kan få laga nye album.

– Eg vil oppfordre folk å finne fram klassebilete og det dei måtte kome over av minne, seier Alden-Håøy.

Uverkeleg situasjon

– For oss andre så er dette ein uverkeleg situasjon, som det er vanskeleg å skulle sette seg inn korleis det opplevest, seier Alden-Håøy.

Ho reknar med at det kjem til å ta tid før familien er attende til ein normal kvardag.

– Brannen er nok framleis nokså tett på, og utan at eg kan seie kva dei tenker og føler så har nok dette vore eit sjokk, seier Alden-Håøy.

Vegopning på Bergum i Førde kommune