Frå 1. mars gjekk prisen på overvekt på flyreiser til og frå Skandinavia til himmels, og no fryktar festivaldirektør Hilde Bjørkum eit utgiftssjokk. Direktøren har ikkje oversyn over kor mykje Førde-festivalen kjem til å tape, men for eit enkeltinstrument der dei før betalte 500 kr, må dei no ut med 5.000 kr.
Tidlegare hadde musikarar ein særavtale med SAS Braathens. No har flyselskapet fjerna denne ordningen. Og byter du fly ein eller fleire gonger må du betale den nye overvektsprisen gonger to.
– Marknadstilpassing
Informasjonssjef i SAS Braathens, Knut Løvstuhagen, seier at dei aukar prisen for å tilpasse seg resten av flymarknaden. Han meiner musikarane kan sende instrumenta på andre og billegare måtar. Dette blir avvist av Bjørkum som umogleg.
– Musikarane som kjem til festivalen er oftast på turné, og kan ikkje sende instrumenta på anna vis, seier Bjørkum.