NRK Meny

Overtek roret i Mesta

Kurt Opseth er tilsett som ny administrerande direktør i Mesta As. Han tek dermed over som leiar for Norges største selskap for drift og vedlikehald av vegane. Opseth kjem frå stillinga som administrerande direktør i Airlift, men har også vore styremedlem i Mesta. Styreleiar John Nyheim i Mesta er nøgd med tilsettinga og seier Opseth er jordnær, forretningsorientert og handlekraftig.